Magni Øvrebotten leier gruppa.
Leiinga i NRK har nemnt opp prosjektgruppe for Nynorsk kompetansesenter i Førde, med distriktsredaktør Magni Øvrebotten som leiar, og desse medlemmene:
· Jan Olav Fretland, leiar i Norsk språkråd og amanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane,
· Gry-Beate Molvær, journalist i Program riks, Trondheim,
· Arve Sandal, opphavsmann til ideen og banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane,
· Ottar Grepstad, direktør Nynorsk kultursentrum i Ørsta.
Nynorskkonsulenten i NRK, Jon Peder Vestad, er rådgjevar for prosjektgruppa.
To fasar
Oppbygginga av Nynorsk kompetansesenter skal skje i to fasar. Frå nyttår 2004 skal det i drift i NRK-regi, med tre tilsette og åtte nynorskpraktikantar i Førde. Fyrste driftsåret skal vere utgreidd til 15. oktober i år. Frå nyttår 2005 skal det skipast eit nasjonalt nynorsk kompetansesenter i Førde, med fleire bein å stå på enn NRK.
Føremålet er heile tida å fremje bruken av nynorsk i etermedia, på båe sider av mikrofonen.