Hopp til innhold

Nådde målet for Jotunheimen Rundt

Målet var å sykle Jotunheimen Rundt på under 13 timar. Det greidde trioen frå Sogn Cykleklubb.

Erik Stedje, Bernt Ullebø og Geir Orrestad

Erik Stedje, Bernt Ullebø og Geir Orrestad (frå v.) blir intervjua av speaker Geir Bjarte Hjetland etter målpassering.

Foto: Knut Strøm

Sogndølene Erik Stedje og Geir Orrestad og Bernt Ullebø frå Høyanger kom over mål i Sogndal på same tid, 12.58.59, eitt minutt betre enn målet sitt.

Dei var vel 12 minutt bak vinnaren, Kenneth Fegri frå Gran Sport på Hadeland. Han hadde 12.47.33. Det er ca. 19 minutt bak løyperekorden, og det blir rekna som ei svært sterk tid.

Kenneth Fægri, vinnar av Jotunheimen Rundt 2012

VINNAREN: Kenneth Fegri frå Gran Sport, Hadeland.

Foto: Knut Strøm

Jotunheimen Rundt er ikkje for pingler. Rittet er 430 km langt, start og mål er om lag på havnivå, det går over tre fjellovergangar, først Filefjellet (1013 m.o.h.), så Valdresflya (1389 m.o.h.) og Sognefjellet (1434 m.o.h.)

Mildt og vindstille

Det var fine forhold for syklistane på turen frå Lærdal via Filefjellet, Valdresflya og Sognefjellet til Sogndal. Natt til laurdag var det ti varmegrader og vindstille på Sognefjellet, der deltakarane i Jotunheimen Rundt mange år har slite i motvind og med temperaturar nær null.

I fjor regna det så godt som frå start til mål.

LES OGSÅ: - Eg har sjeldan vore så sliten