Hopp til innhold

- Eg har sjeldan vore så sliten

Etter 13 timar og 16 minutt med blodslit var det Michael Johansen frå Førde Cyckleklubb som til slutt kunne slå seg på brystet etter å ha sikra seg tittelen som raskast Jotunheimen rundt 2011.

Michael Johansen frå Førde CK

KOM ÅLEINE: Etter 430 kilometer på sykkelsetet kom førdianaren Michael Johansen åleine til mål i Sogndal sentrum.

Foto: Håkon Nesse

– Det var veldig vått, kaldt og veldig slitsamt, seier Johansen til NRK.no nokre timar etter målgang.

– Kaldt og veldig surt vêr

For vêrgudane var ikkje i det beste humøret då dei serverte dei fleire hundre syklistane med regn og surt vêr store deler av rittet. I løpet av natta vart dei fleire kalde timar for Johansen og dei andre som klatra over fjella i Jotunheimen.

– Heldigvis fekk eg på meg litt tørre klede på Fagernes og då klarte eg meg bra resten, seier florøværingen som syklar for Førde.

Det krevjande sykkelrittet er 430 kilometer langt og går over tre fjellovergangar. Starten går i Lærdal og går over til Filefjell til Fagernes. Deretter går turen til Lom og vidare over Sognefjellsvegen.

Vidare nedover til Turtagrø og ned til Skjolden. Slutten av løypa går langs Sognefjorden og ryttarane kjem i mål i Sogndal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Michael Johansen frå Førde CK

NØGD: Michael Johansen frå Førde CK var svært nøgd med sigeren i årets Jotunheimen Rundt. Her med speaker Sondre Dalaker.

Foto: Håkon Nesse

– Eg beit tenna saman

Det var fjerde gongen han var med på Jotunheimen Rundt. Han seier rittet er ei styrkeprøve av dei heilt store og at han difor prioriterer å få vere med.

– Det dårlege vêret gjer noko med psyken, men eg bestemte meg for å ikkje gje opp. Så eg beit tenna saman og gav det eg hadde, seier syklisten frå Førde Cykleklubb.

Og at han brukte opp alle kreftene kan han sjølv skrive under på. Etter 13 timar og 16 minutt kunne han krysse mållinja heilt åleine.

– Eg har sjeldan vore så sliten, men det var ei god kjensle å vinne, seier Johansen glad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Monica Storhaug frå Eidsvoll SK

BEST: Monica Storhaug frå Eidsvoll SK vart best av damene.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Storhaug vann igjen

Johansen frå Førde CK leverte den beste prestasjonen på herresida med tida 13:16:26, medan det var Monica Storhaug frå Eidsvoll SK som var best av damene.

Ho kom inn med tida 15:11:01. Storhaug har også vunne dei to føregåande åra og har sidan 2009 forbetra si eiga bestetid med over ein time.