NRK Meny
Normal

Naboar rasar mot steinbedrift

Naboar er rasande på steinbedrifta Bremanger Quarry etter at dei i påska skal ha brote heilagdagsfreden.

Bremanger Quarry

BRÅK: Naboar til steinbedrifta Bremanger Quarry er sinte etter at heilagdagsfreden vart broten 1. påskedag i samband med lasting av ein båt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ifølgje utsleppsløyvet har ikkje bedrifta lov til å laste stein på raude heilagdagar, dette på grunn av dei støyplanane det fører med seg.

Men på påskeaftan og 1. første påskedag vart det lasta ein båt full med stein, stikk i strid med løyvet frå Fylkesmannen.

Nabo til bedrifta, Trude Hessvik-Trøite, er oppgitt over at støy øydela påskestemninga.

– Det er ikkje noko kjekt vere på ein plass med flott sol og blikstille vatn, og så har du ein bakgrunnstøy som ikkje skulle vore der, seier ho til NRK.no.

Provosert av det som har skjedd

Vel heime på Austlandet etter påskeferie på småbruket i Bremanger er Trude Hessvik-Trøite framleis sint.

Påskeaftan og 1. påskedag opplevde ho og andre naboar at Bremanger Quarry lasta ein stor fraktebåt full av stein.

Ifølgje utsleppsløyvet som bedrifta fekk fornya i fjor skal ikkje dette skje på raude heilagdagar.

– Det verkar ikkje som Bremanger Quarry tenkjer på at dei ikkje skal laste på dei raude dagane, det verkar som dei berre køyrer på, seier Hessvik-Trøite oppgitt.

Fylkesmannen: – Uakseptabelt

NRK har snakka med leiinga i Bremanger Quarry. Dei vil ikkje la seg intervju, men avviser heller ikkje at dei braut støyreglane 1. påskedag.

Hos Fylkesmannen vil dei no sjå på hendinga. Gøsta Hagenlund ved miljøvernavdelinga seier dei ser alvorleg på saka.

– Dette er heilt klart uakseptabelt. Avhengig av kor, når og behov vil vi måtte kunne reagere.

Ifølgje Hagenlund kan dette skje på fleire forskjellige måtar.

– Det kan vere å gje ein reprimande eller føre tilsyn, men det kan også vere skarpare verkemiddel, som tvangsmulkt.

Håpar noko skjer raskt

Fylkesmannen skal no sende eit brev til Bremanger Quarry der dei ber om svar på kva som skjedde i påsken.

Trude Hessvik-Trøite forventar at byråkratane set fortgang i saka.

– Vi ønskjer eigentleg å få Fylkesmannen på bana slik at dei kan setje i verk tiltak som gjer at Bremanger Quarry innrettar seg etter det løyvet dei har fått, seier ho.