Bremanger Quarry. Arkivfoto NRK
Dei store nedbørsmengdene i vinter har ført til særlege vanskar for anlegget på Dyrstad. Men dagleg leiar Ole Meijer ved Bremanger Quarry meiner at dei alt har kontroll med utsleppa. - Vi varsla Fylkesmannen 7. januar, og 14. januar hadde vi kontroll over situasjonen, seier Meijer.
- Prøving og feiling
Det store steinbrotet på Dyrstad i Bremanger har hatt store innkøyringsproblem. Og Fylkesmannen meiner vanskane i vinter viser at verksemda ikkje greier å handtere store vassmengder på ein tilfredsstillande måte.
Dei skriv i eit brev til Bremanger Quarry at det har vore mykje prøving og feiling for å redusere slamutsleppet i fjorden, og varslar no pålegg om dokumentasjon på effektive ureiningsreduserande tiltak.
Mellombels stogg?
Og drifta kan bli mellombels stogga til godkjende løysingar ligg på bordet. Fylkesmannen kan også kome til å krevje betaling for ei marinbiologisk gransking av miljøtilhøva i fjorden ved anlegget.
God nok kompetanse?
Fylkesmannen stiller spørsmål ved om Bremanger Quarry har den naudsynte kompetansen til å hindre utslepp. Ole Meijer seier at dei samarbeider med eit engelsk institutt og ein norsk konsulent, og at dei dermed har god nok kompetanse. -Men slike tiltak tek tid, og i tillegg kostar det ein god del også, seier han.