- Dette er svært uheldig for Kystmuseet si verksemd framover, meiner museumsdirektør Bjørn Fjellheim.
No ber han om meir pengar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. I fjor måtte museet i Florø nedbemanna nær to årsverk og kutte i budsjettet.
Veldig alvorleg
- Det er veldig alvorleg. Vi har gjort vårt ytterste for at publikum ikkje skal merke den dårlege økonomien, men diverre vil dei merke det i 2005 og vidare utover viss vi skal halde fram med den bemanninga vi har no, seier Fjellheim.
Tala for dei siste åra viser at Kystmuseet har hatt ein reduksjon i driftstilskotet frå fylket, men likevel klart å kome i balanse.
Økonomisk fornuftig
Fjellheim meiner han har god dokumentasjon på at dei no driv museet økonomisk fornuftig. Men dei får ikkje gjort ein god nok jobb utan konservator.
Museet er ei sjølveigande stifting. Museet har alt fått lovnad om 50.000 kroner frå staten og rundt 650.000 kroner frå kommunane. No ventar dei spent på kva fylkeskommunen vil yte. Avgjerda kjem i slutten av januar.