Hopp til innhold

Mot tidenes vinter i skianlegga

HORNINDAL (NRK): Skisentera har hatt ein eventyrleg sesongstart. No ligg snøen tjukk over heile landet.

Hornindal skisenter

TRUR PÅ GOD SESONG: Hornindal skisenter er eit av dei små skianlegga og blir drive på dugnad. Gode forhold gjer at dei har godt besøk.

Foto: Johan Moen / NRK

Også i Hornindal i Nordfjord er det mykje snø, og skiglade i alle aldrar strøymer til. Driftsleiar Amund Sverre Tomasgard ved skisenteret seier sesongen ser veldig bra ut.

Amund Sverre Tomasgard

HAR MYKJE SNØ: Amund Sverre Tomasgard ved Hornindal skisenter seier forholda er gode.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Når det gjeld talet på driftsdagar, har vi kome halvvegs i forhold til ein normal sesong allereie no. Så dette ser veldig bra ut.

– Trur du sesongen er berga allereie?

– Det kan sjølvsagt komme ein del mildvêr, men vi har så mykje snø at eg trur sesongen er berga, ja.

Opptur frå førre sesong

Ferske tal frå Alpinanleggenes landsforeining viser ein auke i besøkande ved skisentera på nesten 30 prosent samanlikna med i fjor. Og biletet er likt over nesten heile Norge.

Størst er auken på Vestlandet som hadde ein laber vinter førre sesong. Ifølgje ei pressemelding er veksten her på nesten 60 prosent samanlikna med i fjor, ein sesong som var utfordrande på grunn av mykje dårleg ver.

Camilla Sylling Clausen, Alpinanleggenes landsforening

GLER SEG: Generalsekretær Camilla Sylling Clausen i Alpinanleggenes landsforeining seier auken er stor over heile landet.

Foto: Ola Mattson

Generalsekretær Camilla Sylling Clausen i Alpinanleggenes landsforeining seier salet av heiskort så langt er hyggelege tal.

– Folk får ei heilt anna dragning mot alpinanlegga når det endeleg ligg skikkeleg med snø i låglandet. Det at det er gode forhold i dei mindre anlegga som er heilt avhengige av natursnø, er utruleg viktig for rekrutteringa til bransjen vår, seier ho.

Ho seier dei heile tida må jobbe for å rekruttere og skape nye skikøyrarar for å halde liv i bransjen, også gjennom dårlegare vintrar enn denne.

– Det er ekstra hyggeleg når borna våre får oppleve ein skikkeleg vinter igjen.

Skitriksing på Strandafjellet

SKIGLEDE: Mykje snø og fint ver, får folk til å strøyme til skianlegga.

Foto: Frode Berg / NRK

Gler seg over salet

Driftsleder Stian Græsdal ved Stranda skisenter

SMILER: Dagleg leiar Stian Græsdal ved Strandafjellet skisenter har hatt mange gjester.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

På Strandafjellet skisenter på Sunnmøre ser det ut til å bli ein av dei beste sesongane nokon gong.

– Vi har hatt svært gode besøkstal og salet av sesongkort har auka med 165 % sidan i fjor. Det seier kanskje like mykje om vinteren 2016 som denne, seier dagleg leiar Stian Græsdal med eit smil.

Han gir vêret mykje av æra for den gode sesongen.

– Det betyr mykje at snøen kom allereie i november og at vi kunne opne heile anlegget til jul. Det har vore ein fin og stabil vinter for alle anlegga og det er sjølvsagt med på å skape aktivitet i bakken og auke salet av sesongkort.

Trur påska er berga

Emma Dorthea Lødemel

KOSA SEG I BAKKEN: Emma Dorthea Lødemel er på kveldskøyring.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Hornindal kosar folk seg i skibakken og gler seg over gode forhold.

– Det er fine forhold her og kjekt å renne. Eg tykkjer løypa er veldig fin, seier Emma Dorthea Lødemel.

På dei beste dagane har dei 400–500 gjestar ved skisenteret.

– Dette er bra i vår målestokk. Vi har hatt eit bra overskot kvart år og pengane dyttar vi inn i anlegget og forbetrar det som kan bli betre, seier driftsleiar Amund Sverre Tomasgard.

Ifølgje vêrvarselet ser det ut til at det blir fleire fine dagar framover i bakken. Han trur at det skal mykje regn til før forholda blir dårlege.

– Ja, det skal mykje til. Vi har ein god sole på 90 cm, eg trur dette blir bra.

– Er påska berga?

– Eg skal vere litt forsiktig, men eg trur det fordi påska er tidleg.