NRK Meny
Normal

Trass i nedgang i bransjen - startar oljeretta verksemd i Florø

Pilene peikar nedover i oljebransjen. Likevel har ei ny oljeretta verksemd sett dagens lys i Florø.

Øystein Barth-Heyerdahl

SATSAR I FLORØ: Dagleg leiar Øystein Barth-Heyerdahl i Helgeland V&M AS.

Foto: Morten Hofstad

Flora V&M AS heiter verksemda. Lokale verksemder og partnerar skal gjennom Flora V&M levere personell og ulike tenester til vedlikehald og modifikasjonsoppdrag for operatørar på norsk sokkel.

Det er lokale verksemder i Sogn og Fjordane som saman med Helgeland V&M AS i Nordland har gått saman om nyetableringa, som skal ha tilhald på Horne Brygge i Florø.

Nærare 28 prosent av olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel skjer utanfor sogn og Fjordane, og etableringa av Flora V&M AS er difor ei strategisk viktig satsing, seier dagleg leiar Øystein Barth-Heyderdahl i V&M Helgeland AS.

Etablert i 2008

Helgeland V&M AS vart etablert i 2008 av lokale verksemder på Helgelandskysten. Det skjedde då Skarvfeltet utanfor Sandnessjøen vart utbygd. Der er det britiske selskapet BP operatør.

No disponerer Helgeland V&M AS over 500 personar, og i 2013 omsette selskapet for vel 102 millionar kroner.