Hopp til innhold

Manglar oppdrag – har permittert 30

30 arbeidarar ved Westcon Yards i Florø er permitterte på grunn av manglande oppdrag ved verftet. Ytterlegare 30 tilsette står i fare for å bli permitterte i nær framtid.

Westcon Yard Florø

FEKK AVTALE: Westcon Yards i Florø fekk avtale me Statoil, men den blei likevel ikkje noko av.

Foto: Harald M. Valderhaug

Det skriv Firdaposten.

– Årsaka er at me har lite arbeid, og me såg oss nøydde til å senda ut permisjonsvarsel til om lag 60 tilsette. Det er ikkje 60 som er i permisjon endå, det er om lag 30, og me vurderer situasjonen fortløpande i forhold til dei oppdraga me får inn, seier verftsdirektør Gustav Johan Nydal til NRK.

I juni gjorde Statoil ein opsjonsavtale med Statoil om leige av kaiplass og klargjering av plattformdekket til Valemon før montering i Nordsjøen. Plattformdekket til Valemon-feltet skulle etter planen komme til Westcon Yards mot slutten av juli.

Her skulle plattformdekket gjerast reint og klargjerast, før det blir installert på understellet i Nordsjøen. Men på grunn av endring i tidsplanane blei ikkje dette noko av.

Avdelingssjef Malvin Eide er likevel optimist og seier dei ser gode moglegheiter i marknaden framover.

– Det er mange riggar skal inn til klassing eller vedlikehald, men konkurransen er stor og det kan dryge til over nyttår før eit riggoppdrag kan falle på plass, seier han til Firdaposten.