Av May Helen Vik og Kjell Arvid Stølen
Han meiner at det no går mot betre tider i næringa. For det har vore meir omsetnad av lammekjøt det siste året, og dette igjen har ført til høgare prisar og dermed betre inntening for sauebøndene.
4000 kr i inntektsauke
Tal syner at ein gjennomsnitts sauebonde vil sitje igjen med omlag 4000 kroner meir i år i forhold til i fjor, noko som er svært positivt, seier Ola Søgnesand. - Det er godt å sjå at det no er ei lysning og at prisane er på veg oppover, seier han.
Arkivfoto Jarl Erichsen Scanpix
Marknadsføringa har virka
Og årsaka til dette er ei større satsing på marknadsføring sidan i fjor haust. Ved å marknadsføre lammekjøt har norske kjøtgrossistar klart å tømme fryselagra. Ferskare kjøt er no på marknaden, til ein litt høgare, men framleis kundevenleg pris, meiner Søgnesand. - Det er ikkje uoverkomeleg å kjøpe sauekjøt om prisen skulle stige litt. Faktum er at prisane har vore så låge at inntektene til sauebøndene har gått ned, noko dei slett ikkje treng, seier Søgnesand.
- Håpar å bremse negativ utvikling
Og for sauebøndene som tidlegare har slite med følgjene av dei låge prisane på kjøt er dette er ei viktig utvikling, seier han. - Dårleg lønsemd er ein viktig årsak til at sauebønder gir seg. Vi treng dei sauene vi har i Sogn og Fjordane og meir til, så vi får håpe at dette er med på å bremse opp ei negativ utvikling i sauenæringa, seier leiaren i Sogn og Fjordane Sau- og geitealslag.