Hopp til innhold

Mørketal i streptokokkdødsfall

Statistikken som viser at åtte barn har døydd av gruppe B-streptokokkar i år, kan skjule store mørketal. Lena Haugen Tysse frå Førde miste sitt ufødde barn i veke 28, grunna streptokokkar.

Lena Haugen Tysse
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Gravide som misser barnet på grunn av streptokokkar i løpet av svangerskapet er ikkje med i statistikken.

Etterlyser meir testing

Lena Haugen Tysse meiner mørketala kan vere høge. Ho etterlyser meir informasjon og testing av gravide. Sjølv visste ho ingenting om streptokokkane då ho miste barnet sitt. Tysse meiner infeksjonen burde ha blitt oppdaga fordi ho hadde symptom tidleg i svangerskapet. Ho tok tidleg kontakt med helsevesenet fordi ho meinte noko var gale.

- Vanskeleg å stole på helsevesenet

Med ein prøve tidleg i svangerskapet prøve kunne Tysse fått påvist streptokokkane, og infeksjonen kunne kanskje vore unngått. Etter at barnet døydde, føler ho det er vanskelig å stole på det offentlege helsevesenet.

- Eg oppsøkte helsevesenet i Bergen alt i veke ni fordi eg meinte det var noko gale med barnet, og dei tok ikkje prøver med tanke på streptokokk B. Hadde eg gått på Volvat Medisinske Senter, hadde det blitt teke prøve. Eg vil alltid vere litt bitter fordi ingen tok tak i det før, at eg måtte ta kontakt med Volvat for å få den oppfølgjinga eg hadde krav på.

Stadfestar mørketal

Overlege Arne Høiby i Folkehelseinstituttet stadfestar overfor NRK at det er mørketal når det gjeld barn som døyr i mors liv på grunn av gruppe B-streptokokkar. Tysse håpar no helsestyresmaktene vil skjerpe seg