Hopp til innhold

Morgongåva var skitur over isen

Det Solveig Nordstrand trudde var eit par ski i morgongåve etter bryllupet, viste seg å vere ei utfordring utanom det vanlege...

Solveig Nordstrand

I TRENING: Solveig Nordstrand har førebudd seg så godt som mogleg. Det er berre nokre veker til ho startar på skituren over Grønland.

Foto: Privat

- Oi, eit par ski. Det er jo alltid kjekt å ha, var det første Solveig Nordstrand tenkte då ho såg morgongåva frå mannen Henning.

- Men så såg eg lappen, og vart meir betenkt. Men eg synest jo at det er ei fantastisk fin gåve, og no har eg gledd meg i heile vinter. Eg trur det blir ei oppleing for heile livet, seier ho.

Har aldri før gått langt

Nordstrand fekk den noko spesielle morgongåva frå sin kjære, etter at dei gifte seg i fjor: Saman med eit par ski låg eit kart over Grønland.

I slutten av april tek ho utfordringa på strak arm, og startar saman med svigerinna på ein månad lang skitur over Grønland, skriv Ytre Sogn.

I alt skal 13 personar vere med på turen, mellom andre Cecilie Skog - den einaste kvinna som har nådd toppen av det høgaste fjellet på alle kontinenta.

LES OGSÅ: Cecilie Skog skriver polarhistorie

- Eg er glad i å gå på ski, men har aldri gått så langt som dette, seier Nordstrand.

Artikkelen held fram under biletet

Solveig Nordstrand (midten) saman med Magnhild Hatløy og Marie Pedersen.

GLER SEG: Solveig Nordstrand (midten), Magnhild Hatløy og Marie Pedersen gler seg til å leggje ut frå Nuuk i slutten av april.

Foto: Privat

- Like mykje ei gåve til meg

Høyanger-kvinna kjenner Cecilie Skog godt frå før, og venninnene snakka så seint som i 2003 om å gå over isen på Grønland saman.

No blir det heile ein realitet.

-Då Henning ringde og foreslo dette, vart eg kjempeglad. Dette er like mykje ei gåve til meg, ler Skog.

- Eg er spent på kor tøft det blir reint fysisk. Men Cecilie har oppmuntra meg, og fått meg til å tru at dette skal gå bra, seier Nordstrand.

Den norske klatreren Cecilie Skog.

GUIDE: Cecilie Skog skal lose venninna trygt over isen.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Skal gå tre mil om dagen

Reisefølget skal etter planen starte frå Nuuk 22. april. Dei har frist til 17. mai med å vere framme i Tasiilaq, for å nå rutehelikopter tilbake.

- Vi skal gå om lag 30 kilometer med tunge pulkar kvar dag. Det blir åtte - ti økter på opp mot ein time i slengen, og så tek vi pause med mat, drikke og andre gjeremål innimellom, forklarer Nordstrand.

- Mannen din må vere imponert?

- Ja, og eg trur han er veldig glad for at eg gjer dette. Men så blir det tøft for han også, som skal vere heime med to små barn, ler Nordstrand.