Hopp til innhold

Norske gullhåp blir kledd opp av Moods of Norway og Phenix

Norge sine utøvarar blir kledd opp i dressar og kjolar frå Moods of Norway når dei reiser til OL i London til sommaren.

Peder Børresen og Simen Staalnacke

OL: Peder Børresen og Simen Staalnacke gjer stor suksess med Moods of Norway. No skal stryningane kle opp dei norske OL-håpa.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Den 3. mai skal Moods of Norway vise fram sin ferske kolleksjon til London-OL, skriv Fjordingen på nett. Det er Norges Idrettsforbund som inviterer til visning av kleda, som til dette OL er laga i samarbeid med Phenix og nettopp Moods of Norway.

– Ei kjempeære

– Dette er ei kjempeære for oss å få lov å kle opp dei ypparste idrettsheltane vi har, seier Simen Staalnacke til NRK. Vi har ikkje tenkt så mykje på marknadsverdien, vi vil berre at dei som skal representerer Norge ser heilt "smashing" ut.

Staalnacke kan love at det er spenstige greier dei kan presentere 3. mai.

– Vi gler oss til å vise dette til folket.

På Norges Idrettsforbund sine heimesider kan ein allereie no få ein liten smakebit av dei stilige antrekka. På eit bilete ser ein tre av medaljehåpa, Andreas Thorkildsen, Alexander Dale Oen og Christina Vukicevic, der dei viser fram nokre av plagga.

Kjennemerket til Moods of Norway, den velkjende traktoren, er godt synleg på brystet på dressjakka. Korleis den karakteristiske stilen elles vil prege kolleksjonen vil ikkje nokon i Moods of Norway uttale seg om til NRK torsdag.

NRK har vore i kontakt med Jan Egil Flo, som er økonomisjef i det suksessrike klesmerket. Han viser til ei pressemelding som kjem fredag.

Moods of Norway har dei siste åra gjort suksess med meir eller mindre alt dei har tatt i. På fem år har omsetninga blitt meir enn elleve gonger så høg og i fjor selde klesmerket frå Stryn for 291 millionar kroner.