Moderat skadd etter fall i fjellet
Kvinna som i går vart henta ned frå fjellet Kattanakken i Oldedalen får behandling for moderate skader på Førde sentralsjukehus, det opplyser Helse Førde. Kvinna fekk brotskadar etter at ho ramla mellom 15 og 20 meter då ho var på veg ned frå fjellet. Det var to kvinner på tur, ifølgje politiet var dei ikkje kledde for tur i fjellet der det var snø i lufta og veldig kaldt.