Hopp til innhold

Fall 15-20 meter – henta med luftambulanse

Ei kvinne er frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, etter at ho fall 15-20 meter på fjellet Kattanakken i Oldedalen.

Redningsaksjon på Kattanakken i Oldedalen

PRØVER Å HENTE KVINNA: Ein luftambulanse er i området og gjer forsøk på å fly inn til kvinna.

Foto: Roger Vik

Redningsaksjon på Kattanakken i Oldedalen

REDNINGSMANNSKAP: Politi, ambulanser og mannskap frå Røde Korps Hjelpekorps.

Foto: Roger Vik

Kvinna er no frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus, og det skal ha vore meldt om brotskader.

Turfølgjet hennar, ei anna kvinne, sat att på fjellet, fordi helikopteret ikkje klarte å få ho med seg ned. Ei alpin redningsgruppe og ein lokal kjentmann kom seg opp til henne, og dei er no på veg ned til fots.

Det er snø i lufta og veldig kaldt i området, og kvinna som sat att på fjellet hadde kun på seg sommarlege turklede. Ho fekk klede og mat av hjelpemannskapa som henta ho ned.

– To jenter har vore på veg mot toppen, men har snudd på grunn av dårleg ver. På veg nedover har ei jenta falle 15-20 meter. Ho er skadd, er bevisst, men kan ikkje bevege seg, sa operasjonsleiar Wenke Hope i Vest politidistrikt, før helikopteret kom fram.

Luftambulanse, Røde Kors Hjelpekorps og politiet deltok i aksjonen.

Kattanakken

ULUKKE: Kattanakken er toppen til høgre. Biletet er teke på søndag.

Foto: Magnus Reite-Bjellaas
Kattanakken