Hopp til innhold

Mister fleire hundre tusen i støtte

Foreldre til born med hjerneskade mister fleire hundre tusen kroner i støtte, etter at styresmaktene vil ta bort pleiepengane.

Simen (5) og pappa Olav Aabrekk

HEIME MED PAPPA: Takka vere pleiepengar frå NAV har Olav Aabrekk vore heime med Simen (5) og gjort store framsteg med intensiv trening. No har familien på Sandane mist den offentlege ytinga, og fryktar for framtida.

Foto: Rune Fossum / NRK

Familien Aabrekk på Sandane opplevde tidlegare i år at pleiepengane deira frå NAV med eitt vart stoppa. Då hadde dei i fleire år basert seg på pengane, slik at mamma og pappa har skifta på å ta seg av sonen Simen (5).

Ifølgje foreldra har det vore ein avgjerande faktor for at femåringen har gjort store framsteg, etter at han vart fødd med ein alvorleg hjerneskade.

No kan familien saman med fleire andre familiar med hjerneskadde born tape fleire hundre tusen kroner på bortfallet av pleiepengar.

- Kan ikkje leve av 2300 kroner

Styresmaktene ønskjer no å fjerne pleiepengane frå NAV til born med hjerneskade, og i staden gje dei kommunal omsorgsløn - ei offentleg yting som er langt lågare.

- Vi får sju timar omsorgsløn med assistentløn kvar veke. Det tilsvarer 2300 kroner i månaden, og det går jo ikkje an å leve på det, seier Heidi Aabrekk.

Ho er mor til hjerneskadde Simen (5), som er heilt avhengig av foreldra sine døgnet rundt. Saman har dei gjort store framsteg ved hjelp av intensiv trening.

Kommunen kan ikkje kompensere

- Det at ein blandar pleiepengar og omsorgsløn er frustrerande for oss. Omsorgsløn har aldri vore eit alternativ til pleiepengar - og kan heller ikkje bli det. Då må dei i tillfelle aukast monaleg, seier Aabrekk.

Men ein auke i omsorgsløna er lite truleg i ein fattig kommune som Gloppen. I fjor måtte dei tvert om kutte ned på timesatsen.

- Vi har slett ingen ekstrapott for å erstatte pleiepengane. Det er heller ikkje intensjonen at omsorgsløn skal erstatte andre offentlege ytingar - det skal vere eit supplement og og ein kompenasjon når det er særleg tyngande omsorgsarbeid, seier helse- og omsorgssjef Ragnhild Eimhjellen i Gloppen.

Ifølgje statssekretær Jan Eirk Størstad i Arbeidsdepartementet skal ordninga med pleiepengar berre brukast når det er mellombelse sjukdomar. Han meiner det er ein feil at foreldra til born med hjerneskade i det heile teke har fått pleiepengar så lenge sjukdomen er varig.