Hopp til innhold

- Galskap å fjerne støtte

- Galskap. Det seier foreldre etter at Arbeidsdepartementet godkjenner at dei mister støtte.

Olav Aabrekk, Simen Aabrekk og Heidi Aabrekk

Foreldra Olav Aabrekk og Heidi Aabrekk fortvilar over at dei no mistar pleiepengane. Sonen Simen har ein alvorleg hjerneskade, og når NAV tek vekk støtta betyr det at far Olav må ut i arbeid. Då kan ikkje Simen få den treninga han treng for å utvikle seg vidare.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Eg er så skuffa og eg skjønnar ikkje logikken, seier Ole Anton Brekke som er leiar i Foreininga for Intensiv Stimulering av Hjerneskadde.

Mistar pleiepengar til opptrening

50 norske familiar står i fare for å miste offentleg støtte til opptrening av hjerneskadde born. Mange av borna viser store framsteg takka vere intensiv trening, og dette får mange til ved at ein av foreldra er heimeverande.

Ein av dei er familien Aabrekk på Sandane. Dei opplever situasjonen som fortvilande.

- Her står vi med eit stort arbeid i fanget kvar einaste dag. Eg meiner det er gale at vi skal bruke så mykje krefter og energi mot hjelpesystemet.

For no mister familiane pleiepengane, fordi NAV meiner dei ikkje har krav på dei i utgangspunktet. Pengane er meint til kortvarig sjukdom, ikkje livslang trening.

- Ordninga med pleiepengar skal brukast berre når det er midlertidige sjukdomar. Det er ein feil at foreldra til desse borna har fått pleiepengar når borna sin sjukdom er varig, det seier statssekretær Jan Erik Størstad i Arbeidsdepartementet.

- Ulogisk grunngjeving

Ole Anton Brekke og sonen Arne Martin.

Ole Anton Brekke har sjølv sonen Arne Martin som har CP. Han meiner det er galskap å fjerne pleiepengane frå familiar med hjerneskadde born. (Biletet er frå 2006).

Foto: Randi Indrebø / NRK

Brekke har sjølv ein son med CP og var den som fekk i stand ordninga med at familiar med hjerneskadde born fekk pleiepengar. Han meiner grunngjevinga til Størstad ikkje er logisk.

- Takka vere den omsorga foreldra kan gje ungane ved hjelp av støtta i form av pleiepengar får dei ein heilt annan livskvalitet, seier Brekke.

- Alle tapar på dette

Han meiner det er mykje å tape på å fjerne støtta, både for borna, foreldra og staten.

- Viss ein ser på kva AS Norge tener på at familiane trenar opp borna sine sjølv, så vert det vanskeleg å argumentere for at ein kan stoppe ei slik ordning, seier Brekke.

- Alternativet for desse borna er ein institusjonsplass som kostar mellom 2 og 2 og ein halv millionar kroner. Dette vil vere i staden for at familiane totalt sett får overføringar på rundt ein million kroner, forklarar Brekke.

Video Fjernar støtta til hjerneskadde born

Sjå innslaget som gjekk på Norge i dag. Reporter: Erlend Blaalid Oldeide