Hopp til innhold

Mistenkt for å ha sett fyr på hus - Statsadvokaten skal vurdere påtale

Ein mann i 30-åra har sete varetektsfengsla i over tre månadar, mistenkt for å ha sett fyr på eit husvære på Nordeide. No går saka til Statsadvokaten.

Bustadbrann i Høyanger

SJEKK: Fleire av bebuarane vart sjekka av ambulansepersonell etter brannen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Saka er ferdig etterforska av politiet og er send over til Statsadvokaten som endeleg skal avgjere påtalespørsmålet, seier politifullmektig Guro Enger.

Det var fredag 27. februar at det tok til å brenne i eit husvære på Nordeide ferjekai i Høyanger.

I alt budde det åtte personar i huset, men alle som var i huset då brannen starta, kom seg etterkvart ut.

Fleire fekk behandling av ambulansepersonell etter at dei hadde pusta inn røyk i brannen.

Blei sett like før brannen starta

Få dagar etter vart ein 30 år gammal asylsøknar pågripen av politiet, mistenkt for å stå bak brannen i det gamle kaihuset på Nordeide. Mannen vart først varetektsfengsla i fire veker, då Fjordane tingrett meinte det var grunn til å mistenke mannen for forsøk på mordbrann.

Mellom anna vart mannen observert i det han drog frå bygget like før brannen vart oppdaga. To dagar før brannen fortalde han eit vitne at han ville øydeleggje eit rom i huset.

Mannen sit framleis varetektsfengsla og sit for tida i Bergen fengsel.

– Du må vere mistenkt med skjellig grunn for å bli begjært varetektsfengsla. I tillegg må det liggje føre ein spesiell fengslingsgrunn. Så det at han har sete så lenge, seier noko om alvoret i saka, seier Enger.

Ingen vart skadde då det byrja å brenne i eit murbygg på Nordeide ferjekai.

KONTROLL: Brannmannskap fekk raskt kontroll på brannen. (Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen)

Ser på fleire saker

Det er Statsadvokaten som skal ta stilling til om det skal takast ut tiltale mot mannen.

– Det dreier seg både om brannen på Nordeide og nokre tilfelle av vinning, seier Enger.

Kor lang tid Statsadvokaten kjem til å bruke på saka, er vanskeleg å seie.

– Det er ei relativt omfattande sak, og Statsadvokaten har som alle andre ei sakshandsamingstid. Men truleg kjem det ei avgjerd frå påtalemakta om ikkje altfor lang tid, seier Enger.