Hopp til innhold

Blir sett til av helsepersonell etter husbrann

Bebuarar blir sett til av ambulansepersonell etter husbrannen på Nordeide ferjekai i Høyanger.

Ingen vart skadde då det byrja å brenne i eit murbygg på Nordeide ferjekai.

SJÅ VIDEO: Brannmannskap fekk raskt kontroll på brannen. (FOTO/REDIGERING: STINE KYRKJEBØ JOHANSEN/NRK)

Brannen vart meldt klokka 1737 fredag, men var sløkt 25 minuttar seinare. I alt åtte personar budde i huset.

– Det var folk i huset då det byrja å brenne, men desse kom seg etterkvart ut, seier Kolbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen i Florø.

Mykje røyk

Bustadbrann i Høyanger

TJUKK RØYK: Det skal ikkje vere synlege flammar frå utsida, men det skal vere stor røykutvikling.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

NRK var på staden kring klokka 18 og fekk då opplyst at situasjonen var under kontroll. Det er førebels uvisst kva og kvifor det byrja å brenne.

Det er ikkje opne flammar her, men det siv tjukk røyk ut frå huset, opplyste Stine Kyrkjebø Johansen.

Kort tid etter gjekk røykdykkarar i gang med å gjennomsøke huset. Det blir no lufta ut.

– Alle personane som var i huset skal vere gjort greie for, men for å vere sikker så blir huset gjennomsøkt. Det er tale om eit stort murhus, opplyser Øvrebotten hos alarmsentralen.

Blir sjekka

Operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser at politiet har ei viss formeining om kva som har skjedd, men ynskjer ikkje å kommentere dette nærare då brannen skal etterforskast.

Bebuarane skal ha kome frå det utan alvorlege skader.

– Nokre av dei har pusta inn litt røyk og blir sett til av ambulansepersonell på staden, opplyser Rimmen.

Nordeide