Hopp til innhold

Mann i 40-åra funnen død i Florø - etterforska som mistenkeleg dødsfall

Politiet etterforskar eit mistenkeleg dødsfall i Florø, etter at ein mann i 40-åra vart funnen død onsdag ettermiddag.

florø

SISTE: Politiet melder ved midnatt at dødsårsaka ikkje er klarlagt, og at den avdøde vert sendt til obduksjon.

– Politiet fekk melding om at helsepersonell som var på ein velferdssjekk hadde funne ein død person klokka 17.25, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes.

På bakgrunn av opplysningar frå helsepersonellet rykte politiet ut.

– Vi karakteriserer det som mistenkeleg på bakgrunn av heilskapsinntrykket vi fekk på staden. Vi har gjort tekniske og taktiske undersøkingar i kveld, seier Hatlenes.

Hatlenes understrekar at dei førebels ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko kriminelt.

Sparsame med opplysningane

Hatlenes vil ikkje utdjupe kvifor dei ser på dødsfallet som mistenkeleg.

– Det er noko vi må kome tilbake til lenger ut i etterforskinga.

– Er det noko som tyder på at dette er eit drap?

– Det er også noko vi må kome tilbake til, seier Hatlenes.

Har ikkje bede om hjelp frå Kripos

– Korleis vert saka etterforska?

– No er det tekniske undersøkingar på staden, og så vert det føreteke taktisk etterforsking vidare.

– Kan du seie meir om kva type taktisk etterforsking de vil gjere?

– Det er dessverre noko vi må halde tett til brystet inntil vidare. Det er førebels dette politiet kan gå ut med, seier Hatlenes.

– Har de bede om hjelp frå Kripos?

– Det har vi førebels ikkje gjort.

Ingen mistenkte

Ingen personar er arresterte av politiet.

– Har de nokre mistenkte?

– Førebels har vi ingen mistenkte i saka.

– Leitar de etter nokon?

– Førebels leitar vi ikkje etter namngjevne personar, seier operasjonsleiar Hatlenes.