Hopp til innhold

Yrkessjåfør miste førarretten i fjor - i går vart han teken på fersken

Vogntogsjåføren som i går vart stogga med overlast på Håbakken har ikkje hatt lov å køyre bil i Norge sidan juli i fjor.

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

STOGGA HER: Mannen som er norsk statsborgar viste fram eit svensk førarkort då han vart stogga. Ein nærare kontroll synte at han ikkje har lov å køyre bil i Norge.

Foto: May Lene Steinheim Lunden

Mannen i 50-åra vart vinka inn til kontroll på Statens vegvesen sin kontrollstasjon på E16 i Håbakken tysdag kveld. Kontrollørane fann då ut at bilen hadde overlast, men kanskje endå verre: – sjåføren har ikkje lov å køyre bil i Norge.

Politiførstebetjent Jorid Lien Nilsen ved Aurland lensmannskontor seier mannen no kan vente seg eit oppgjer med lovas lange arm.

– Mannen miste førarretten i Norge i juli 2011, seier ho.

Svensk førarkort

Lien Nilsen fortel at mannen som er norsk statsborgar har svensk førarkort og bur i Sverige. Han jobbar som yrkessjåfør i eit norsk firma. Kor mykje han har køyrt i Norge den siste tida, kan ho ikkje svare på.

Men i fjor sommar miste mannen retten til å køyre bil i Norge. Årsaka kan ikkje politiførstebetjenten kommentere.

– Han har eit svensk førarkort, forklarar ho og seier mannen verka å vere av den oppfatninga at han kan køyre med det i Norge.

– Men eg meiner han skal vere gjort kjent med at han ikkje har førarrett her, seier Lien Nilsen.

– Ein lærepenge

Mannen har sjølv forklart at han har blitt stogga i kontrollar tidlegare, og at det har gått bra.

– Dette er ein lærepenge for oss. Om vi berre ser på eit førarkort, så ser alt greitt ut. Det er først når du går inn i systemet at du kan finne ut ting som dette, seier Lien Nilsen.

– Det er det Statens vegvesen har gjort her, så dei har gjort ein god jobb.

Saka blir no meld og ein jurist vil avgjere korleis mannen skal straffast. I forhold til overlast får mannen eit overlastgebyr frå Statens vegvesen.