Hopp til innhold

Mistanke om køyring i rusa tilstand

Det er mistanke om køyring i rusa tilstand etter at ein bil hamna utfor vegen ved ein bensinstasjon i Florø like før midnatt.

Uhellet skjedde i ei 30-sone, og airbagen blei løyst ut.

– Det var berre ein bil involvert. Vi mistenkjer køyring i påverka tilstand, og føraren blei teken med for å ta blodprøve. Førarkortet er beslaglagt, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om farten til bilen då han hamna utfor vegen.

Slo til dørvakt

Ein gjest ved ein utestad i Florø slo til ei vakt. Politiet som var i nærleiken, fekk kontroll på situasjonen og køyrde personen heim. Det er førebels uvisst om hendinga blir meld til politiet.

Like etter klokka tre natt til laurdag fekk politiet melding om at det var slagsmål i Førde sentrum. Politiet rykka og fekk kontroll på ein person.

– Fornærma har fått ein kul i panna, og det blir oppretta sak, seier Rebnord.

Mann med slyngevåpen

Politiet fekk i føremiddag melding om ein mann på Vassenden som sto i vegen med eit slyngevåpen.

– Han verka rusa og folk blei skremde.

To patruljar rykka ut. Då dei kom fram var mannen roleg.

– Han var ikkje rusa, men hadde ingen god forklaring på kvifor han stod i vegen og vifta med det han sa var eit leiketøy.

Mannen skal også ha ringt på i to hus i nærleiken i natt. Politiet køyrde mannen til Førde der han skulle ta buss vidare.

Tre dyr påkøyrde

Natt til laurdag har tre dyr blitt påkøyrde i Sogn og Fjordane. På Sandane blei ein hjortekalv avliva etter ein samanstøyt med bil. Føraren er uskadd, men ei billykt blei knust. På Eid døydde ein hjort i ei påkøyrsle. Også her er bilføraren uskadd. Og i Eid blei ein rev påkøyrd ved Lefdal.