NRK Meny
Normal

Stogga førarar i 111 km/t, 113 km/t og 122 km/t - og det på berre ein time

På berre nokre timar laurdag ettermiddag og tidleg kveld har politiet stoppa fem bilførarar i svært høg fart mellom Førde og Florø.

Up-patruljen i Sunnfjord

ILLE: Kåre Toreid i UP er ikkje imponert over køyringa til enkelte av førarane som vart stoppa på riksveg 5 laurdag. (Biletet er frå ein annan kontroll).

Foto: Oddleif Løset / NRK

I ettermiddag har Utrykkingspolitiet hatt ein fartskontroll i 80-sona i Kvalvika på riksveg 5. Her måtte to bilførarar reise vidare med forenkla førelegg. Den eine var svært nære ved å miste førarkortet, då han vart målt til 115 kilometer i timen. Grensa for førarkortbeslag er 116 km/t i 80-sona.

Like over klokka 20 laurdag kveld har den same UP-patruljen avslutta ein fartskontroll på Knapstad, eit stykke aust for Kvalvika. Også her var det fleire hastige bilistar.

Ifølgje politiet vart det på ein knapp time, mellom klokka 18.40 og 19.45 skrive ut to forenkla førelegg for høg fart. Desse vart målte til 111 kilometer i timen og 113 kilometer i timen. Ein tredje førar vart målt til 122 kilometer i timen og fekk førarkortet kverrsett på staden.

Politibetjent Kåre Toreid i UP likar dette dårleg.

– Dette er spesielt ille når du tenker på at det her er styrtregn og overvatn i vegbana. Det er ganske skummelt at det går så fort, seier han.

I samband med fotballkampen mellom Førde og Florø hadde politiet justert opp kontrollverksemda. Toreid seier dei aller fleste dei har sett i dag har køyrt fint, men at dei altså har hatt nokon med svært høg fart.

– Det er ein grunn til at vi kontrollerer trafikken på riksveg 5, for her går det fort. Det er spesielt at det går så fort i dag, med så dårleg vêr.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå