Hopp til innhold

UP: Stort, skjult problem med ruskøyring

Over 60 bilførarar i Sogn og Fjordane har mista lappen for køyring i rusa tilstand frå januar til i dag. Men problemet er langt større enn tala viser.

illustrasjon promillekontroll

STORT PROBLEM: Politiet tek berre ein brøkdel av dei som køyrer rusa på norske vegar

Foto: arkiv / NRK

– Det vi veit ut frå folkehelseinstituttet sine vegkantundersøkingar på 2000-talet er at det blir køyrd over 120.000 rusturar over lovlegskapsgrensa kvar einaste dag i Norge. Då er 60 personar i løpet av dei sju første månadane veldig lite, seier UP-sjef på Vestlandet, Terje Oksnes.

Tek berre ein brøkdel

I Sogn og Fjordane har UP teke åtte førarkort i år, fire av dei i sommarmånadane. I tillegg har dei lokale lensmannskontora teke lappen frå 52 menneske som har vore rusa bak rattet.

– Så det vi kan lese ut av den tidlegare statistikken og desse beslaga i år, er at det er eit stort, skjult problem med rusa køyring?

Terje Oksnes, UP

UP: Terje Oksnes.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Ja, det er det. Når det er så mange i Norge som køyrer med rus, så er jo mørketala veldig, veldig store. Vi avdekkjer berre ein liten brøkdel. Rundt 10.000 rusførarar blir tekne i Norge kvart år, seier Oksnes.

Førarkortbeslag fortel lite

I dei lokale kontrollane vart flest tekne i Stryn og Årdal første halvår (sjå faktaboks over). UP har teke nokre færre i Sogn og Fjordane så langt i år, samanlikna med dei to føregåande åra. Men det kan vere heilt tilfeldig, seier Oksnes.

– Det er altfor små tal til å kunne lese noko ut av dei. Kontrollaktiviteten, type kontroll og tid og stad, er ikkje likt frå år til år. Det kan vere avgjerande for om vi tek ein ruskøyrar eller ikkje.

– Fortel tala oss noko om omfanget av køyring i rusa tilstand?

– Dei fortel berre kor mange ruskøyrarar politiet har avdekka. Det fortel ikkje kor mykje vi klarar å førebygge. Mesteparten av vår kontrollverksemd er retta mot å førebyggje ruskøyringa, og så avdekkjer vi ein og annan innimellom seier Oksnes.