Hopp til innhold

Mista kollega i går, sit bak bussrattet i dag

I går vart ein av Sigbjørn Rivedal sine kollegaer brutalt drepen om bord i bussen han køyrde. I dag set Rivedal seg sjølv bak rattet.

Sigbjørn Rivedal mista ein kollega i busskapring i går, men set seg bak rattet i dag.

SET SEG BAK RATTET I DAG: Den erfarne bussjåføren Sigbjørn Rivedal mista i går ein kollega under ei dramatisk busskapring, i dag er det Rivedal som sjølv skal sitte bak rattet.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Eg tok til tårene ei stund i går kveld. Det er ikkje meir enn at eg klarer meg i dag. Men, det er vel terapi å gå ut og syne at vi står med rak rygg sjølv om vi har vore ute for ei slik tragisk ulukke, seier Sigbjørn Rivedal.

I går mista han ein av kollegaene sine då ein mann kapra Valdresekspressen ved Holsbru mellom Årdal og Tyin, og drap dei tre om bord. Bussjåføren i 50-åra, ei 19 år gamal jente og ein svensk statsborgar i 50-åra vart alle drepne med kniv i bussen.

61 år gamle Rivedal har køyrt buss for Valdresekspressen i over 20 år, sidan 1985.

Han er rørt over omtanken han og selskapet no får frå passasjerane.

– Nokre har vore her og tent lys for oss. Det skal dei ha takk for. Det er kjekt at passasjerane syner slik omtanke.

Har mista to kollegaer i busskapringar, kjenner seg likevel trygg

Med langs fartstid i selskapet er det ikkje første gong Rivedal opplever ei slik tragisk hending. Også i 2003 vart Valdressekspressen kapra av ein 26 år gamal utanlandsk mann. Då vart dei 34 passasjerane vitne til at mannen truga og stakk ned sjåføren.

Politiet arbeider med sporsikring rundt busssen.

VART DREPEN I BUSSEN: Bussjåføren og to passasjerar vart drepne i bussen ved Holsbur mellom Årdal og Tyin i går kveld.

Foto: Øyvind Bye Skille
  • LES OGSÅ: Andre kapring på ti år på Valdresekspressen - to bussjåførar har mista livet

– Det er så trist alt, det er ubeskriveleg for oss som tilsette. Vi er nøydde til å prøve å ta tak og syne at vi er dei vi er, og at vi er til å stole på.

Føler du deg trygg?

Rivedal dreg litt på svaret.

– Ja, eg kan ikkje seie anna enn ja, men vi har i bakhovudet at det kan skje igjen. Vi kan ikkje sitte å ruge og tenkjer på det, då må vi slutte å køyre buss i det heile. Det er ein farefull jobb vi har på dei vegane vi har. Det som har skjedd no vil ikkje skje oftare enn andre ulukker, seier den erfarne bussjåføren.