Hopp til innhold

Misnøgde med Tall Ships-rekneskap

Kommunerevisjonen i Nordfjord meiner rekneskapen etter seglskutefesten Tall Ships Races er mangelfull.

Kveldssteming under Tall Ships Races i Måløy
Foto: Eva Westvik / NRK

Vågsøy kommune har no fått i oppdrag å legge fram ein prosjektrekneskap med detaljerte forklaringar.

Fryktar ikkje "lik i lasta"

Rådmann Ørjan Raknes Fortun lovar no å utforme ein rekneskap der det er mulig å finne ut om det er avvik mellom budsjett og reknskap. Han avviser at manglande forklaringar er eit forsøk på å halde ting skjult i samband med "Sjøens OL" og seier at han ikkje fryktar nye "lik i lasta".

- Problemet er å få ein rapport som fortel noko om samanhengen mellom rekneskap og budsjett på detaljnivå. Ein del av det revisjonen å få no, har eg allereie fått inn rapportar på, seier rådmannen.

Solid bakrus

Tall Ships Races skulle bli arrangementet innbyggjarane skulle vere så stolte av. Dei fekk eit stortstilt arrangement, men også ein økonomisk bakrus så sterk som ingen hadde drøymt om med 13 millionar kroner i minus .

Underskotet har medverka sterkt til å køyre ein allereie dårleg kommuneøkonomi ut heilt ut i hengemyra. Nyleg fekk kommunen beskjed om at dei er den åttande kommunen i fylket som hamnar under statleg styring .

- For grovmaska

Både kommunerevisjonen i Nordfjord og Kontrollutvalet i Vågsøy er no tungt inne i saka for å prøve å avdekke kva som gjekk gale for "Sjøens OL". Men rekneskapen revisjonen no har fått hand om er så grovmaska at det er uråd å gå detaljert inn i materien.

Raknes Fortun vedgår at dei på eit tidlegare tidspunkt burde sett at rekneskapen kravde detaljerte forklaringar på kva pengane har gått til.

Rett rekkefølgje

- På grunn av at Tall Ships Races ikkje er eit arrangement som passar i kommunen sin kontoplan, så er det vanskeleg for revisjonen å gå gjennom dette på vanleg måte og ein må lage ein eigen rapport som omhandlar Tall Ships Races før rekneskapen var ferdig, seier rådmannen.

Denne rapporten er no under arbeid.

- Må bryte opp forklaringar

Han seier vidare at det ikkje vil bli problematisk å legge fram gode forklaringar på sambandet mellom budsjett og rekneskap.

- Det gjer vi ikkje, fordi hovudforklaringane til avvika har vi på plass. Det er berre å bryte forklaringane opp i meir detaljerte forklaringar. Dei vil ikkje bli annleis, men meir detaljerte, seier Raknes Fortun.

Han vil ikkje kommentere om han ventar at underskotet vert større eller mindre, før ein fullstendig rapport er på plass.