Hopp til innhold

Minst tre menn gjennomførte innbrota i Florø

Politiet etterlyser ein grå Volvo V60 stasjonsvogn etter innbrotet i Florø natt til onsdag. Over 100 000 i varer er vekk frå Jernia og Telenorbutikken.

Tjveri på Amfi

TOMT: Det er tomt på lageret til Telenorbutikken på Amfisenteret i Florø etter innbrotet natt til onsdag.

Foto: Truls Kleiven

– Vi vil gjerne kome i kontakt med personar som kan ha sett noko. Det er betre å ringe politiet ein gong for mykje, enn ein gong for lite, seier politistasjonssjef i Florø, Robert Veseth.

Verdiar over 100 000 vekke berre på Jernia

Politiet meiner tjuvane, som tok seg inn på kjøpesenteret Amfi i Florø natt til onsdag, er profesjonelle vinningskriminelle. Dei gjorde innbrot i Telenorbutikken og Jernia-butikken på kjøpesenteret.

– Det er tydeleg at dette er vinningskriminelle. Dei har gått etter dei dyraste varene, og heilt tydeleg visst kva dei ville ha. Og vi meiner det er minst tre personar som står bak innbrotet, fortel Veseth.

Overvakingsvideoen som er på senteret fanga tjuvane på kamera. For eigar av Jernia-butikken Malvin Knapstad har det vore ein trasig dag.

– Vi jobbar no med å få ei oversikt over kor mykje som er vekke. Det er heile veggar med varer som no står tomme. Og det er verdiar over 100 000 her som er vekke. Det er eg sikker på, seier han.

Tjveri på Amfi

SPERRA: Jerniabutikken har opna butikken etter at tjuvane herja. Men det er fleire hyller som er tomme, utan varer.

Foto: Truls Kleiven

Hanskekledde og tildekte

Han har sett på overvakingsvideoen, og fortel at mennene som var inne i butikken var tildekte.

– Dei var hanskekledde og tildekte. Og det er ikkje mogleg å sjå skikkeleg kven det er. Men dei er profesjonelle. Det er sikkert. Dei har pakka varene i baggar, emballasjen ligg att her i butikken, seier han.

Trass i tjuveriet er butikken no open for publikum.

– Det er ikkje noko anna å gjere. Politiet har sikra seg det dei treng, og vi har rydda opp. No gjeld det å få ein komplett oversikt over tapet, seier Knapstad.

Samarbeider med andre politidistrikt

– Vi har kontakta andre distrikt for å informere om det som har skjedd og samarbeider med dei, seier Vedseth.

Tjuvane forlét Amfisenteret 02.30 natt til onsdag, men det er også det politiet veit konkret onsdag ettermiddag.

– Heile lageret til Telenorbutikken er tomt. Det er klart at det her er snakk om store verdiar som er vekk. Vi har ikkje hatt eit slik innbrot i Florø tidlegare, seier Veseth.

Politiet vil halde fram med å etterforske og få oversikt over situasjonen.