Hopp til innhold

Miljøpartiet droppar valvinnaren - Ap får ordføraren

Senterpartiet stod fram som den store vinnaren i valet i Årdal, og alt låg an til eit historisk ordførarskifte. Men no har Miljøpartiet dei grøne (MDG) bestemt seg for å støtte Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat.

Liv Signe Navarsete, Aleksander Øren Heen og Jenny Følling

GLEDA SNUDD: Aleksander Øren Heen (Sp) blei hylla som den store valvinnaren under valvaka i Førde måndag kveld. I dag må han innsjå at MDG har valt å samarbeide med Ap i Årdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

MDG si støtte til ordførar frå Arbeidarpartiet gjer at partiet sin einaste representant i kommunestyret, Sandra Opheim, blir varaordførar i industrikommunen.

– Etter det eg er kjend med så har MDG inngått ein avtale med Arbeidarpartiet. Vi kom aldri i gang med reelle forhandlingar med MDG. Ansvaret for ei konstituering som ikkje er i tråd med det veljarane har ønska, må dei bere aleine på sine skuldrer. Det har vore bede om eit skifte, det får vi ikkje no.

Det seier ein svært skuffa Aleksander Øren Heen (Sp) til NRK. Han opplevde eit valskrell av dei sjeldne då Senterpartiet kom ut med 38,5% av røystene, og Ap kom under 50 % for første gong sidan 2. verdskrig.

– Vi kjem til å drive knallhard Senterparti-politikk uansett i opposisjon, og makta ligg trass alt i kommunestyret. Vi ønsker lukke til med det samarbeidet som er inngått, seier Heen tørt.

MDG hamna på vippen

MDG fekk inn ein representant i kommunestyret i Årdal, og Sandra Opheim kom i ein heilt unik vippeposisjon.

– Det er klart eg er skuffa, men alt har vore ope og det har eg også understreka. Eg er sikker på at MDG hadde fått meir gjennomslag for politikken sin med oss, så her er det nok andre ting som gjer at dei vel å gå til Arbeidarpartiet, meiner Aleksander Øren Heen.

Arild Ingar Lægreid

HELD FRAM: Arild Ingar Lægreid (Ap) får støtte frå MDG, og held dermed fram som ordførar i Årdal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Har kome MDG i møte

Senterpartiet sin unge ordførarkandidat meiner at dei har gjort alt for å kome MDG i møte i forhandlingane om posisjonane i Årdal.

– Vi har gjort absolutt det vi kan og har ikkje noko å angre på i så måte. Vi har vore særs imøtekomande, det er i alle fall mi vurdering, seier Øren Heen.

Han peikar på at sitjande ordførar Arild Ingar Lægreid fekk færrast personstemmer, og at det er overraskande at MDG valde å gå til Arbeidarpartiet.

MDG får varaordføraren

Arild Ingar Lægreid (Ap) stadfestar at han no held fram som ordførar med støtte frå MDG, og at Sandra Opheim frå MDG blir ny varaordførar.

Dei er interesserte i å få sett fokus på dei store og små miljøsakene. Vi har avtalt med dei at vi ikkje skal kverrsetje fleire friområde i Årdal, og at vi ikkje skal gå inn for nye kraftutbyggingar, fortel Lægreid.

At Ap i Årdal er kjend som «kraftsosialistar» og ein klar forkjempar for vidare utbygging av tungindustrien, blei ikkje avgjerande for MDG sitt val.

– Framleis det største partiet

– Eg har ikkje oppfatta MDG som nokon motstandar av å utvikle industrien i Årdal. Det er ikkje der sakene ligg, og eg trur vi skal få eit godt samarbeid med dei i den komande fireårsperioden, meiner Lægreid.

Trass den store tilbakegangen for Arbeidarpartiet og veksten for Senterpartiet, så meiner han at det er naturleg at dei framleis skal ha styringa.

– Vi er jo framleis det største partiet, så eg ser det som naturleg at vi held fram med å ha ordføraren, så lenge eit anna parti ønskjer å samarbeide med oss, slår Lægreid fast.

– Han er mest samlande

Sandra Opheim

GRUNN TIL Å SMILE: Sandra Opheim, her under valvaka på måndag, blir no varaordførar.

Foto: Siren B. Svortevik

Sandra Opheim (MDG) forstår at Senterpartiet og Aleksander Øren Heen er skuffa over at dei valde å samarbeide med Arbeidarpartiet. Men gjennomslag for hjartesaker og posisjonen som varaordførar blei utslagsgjevande.

– Vi har fått gjennomslag for at ingen av friområda i Årdal skal regulerast til andre føremål, og det blir heller ikkje nye vasskraftutbyggingar. Så no står vi saman med Ap om å berge elvene i Nundalen og Fardalen. Vi er veldig nøgde med å få gjennom desse viktige sakene, seier Opheim.

Ho er tydeleg på at ho og MDG meiner at Arild Ingar Lægreid (Ap) vil vere den beste ordføraren.

– Vi meiner det er veldig viktig å jobbe for å samle årdalssamfunnet. Etter vårt syn så framstår Arild Ingar Lægreid som ein samlande ordførar med eit stort engasjement for Årdal sitt beste, seier Opheim.