Oppvekst- og omsorgssjef Rolf Haugstvedt seier dei måtte gjere dette, for å oppretthalde tilliten hos brukarane.
Forlet pleietrengande
Miljøarbeidaren forlet den pleietrengande mannen seint laurdag kveld, og kom ikkje attende før klokka halv åtte morgonen etter.
Etter tips frå publikum dukka politiet opp. Etter kvart kom også dei pårørande for å ta seg av mannen, som treng tilsyn døgnet rundt. Stiftinga vurderer no å melde miljøarbeidaren til politiet for omsorgssvikt og grov aktløyse.
Kinkig problem
Problemet for Balestrand kommune er at miljøarbeidaren ikkje jobba for dei denne natta. Då jobba han nemleg for ei privat stifting som har ansvaret for pasienten. Så eigentleg har ikkje mannen gjort noko gale som kommunalt tilsett.
Likevel ser kommunen på miljøarbeidaren sine overtramp som så grove at det går på tilliten laus, og meiner suspensjon er naudsynt.