Fagleg ansvarleg for pasienten, Erlend Yndestad, seier politiet rykte ut etter tips frå publikum.
Den mistenkte er miljøarbeidar i Balestrand kommune.
Ut frå dei opplysningane Yndestad sit inne med skal miljøarbeidaren ha reist frå omsorgsbustaden til den sterkt psykisk utviklingshemma mannen, som er avhengig av tilsyn døgnet rundt, alt klokka 11 om kvelden. Han dukka ikkje opp att ved omsorgsbustaden før klokka halv åtte morgonen etter. Politiet og etterkvart dei pårørande måtte ta seg av den sterkt pleietrengande mannen.
Det var ei privat stiftinga som 1. mai overtok ansvaret for den psykisk utviklingshemma personen og dei vil no melde den kommunalt tilsette miljøarbeidaren til politiet for mellom anna grov aktløyse i tenesta og omsorgsvikt.
Omsorgsjef i Balestrand kommune, Rolf Haugstvedt, seier dei ikkje har tatt stilling til om dette vil få konsekvensar for stillinga hans i kommunen.
- Dette er noko vi vil vurdere etter at vi har fått fram alle sider i saka.