Hopp til innhold

No kan dei slå i bordet med nye tal for bru mellom Anda og Lote

Ein midtre trasé for E39 via Lote-Anda er den mest samfunnsøkonomiske løysinga for E39, det viser utgreiingar bestilt av regjeringa. Men indre trasè forkjempar Svein Sunde meiner dette ikkje er nytt.

Bjørlo og Ryssdal

HAR FÅTT NYE ARGUMENT: Ordførarane Alfred Bjørlo i Eid og Anders Ryssdal i Gloppen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Samferdsledepartementet har bede eksterne kvalitetsikrarar sjå på tala på nytt i tråd med Finansdepartementet sitt regelverk.

Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen er glad for å ha fleire tal å slå i bordet med.

– Det tyder vel på at midtre er best. Det er vel så enkelt.

Analysen bestilt av Samferdsledepartementet kjem med ekstra ammunisjon til E39-striden i Nordfjord.

Analysen er utført av konsulentselskapa Terramar og Oslo Economics, som også tidlegare har kvalitetssikra Vegvesenet sine berekningar. Også den gongen gjekk kvalitetssikringa inn for midtre trasé.

Tala er i tråd med dei siste føringane om samfunnsøkonomiske analysar frå Finansdepartementet med levetid 40 år og 4% kalkulasjonsrente.

Tala viser at over 40 år vil midtre trasé med bru Anda-Lote og veg vidare over Stigedalen med kort bru over Austefjorden gi 1,7 milliardar tilbake til samfunnet i netto nytte.

Samfunnsøkonomi E39

TALA SOM GLER RYSSDAL: Faksimile frå analysen til Terramar og Oslo Economics.

Positivt for indre, meiner Djuvik

Indre trasé vil gi 1,1 milliard tilbake, medan K6 med bru over Voldsfjorden vil gi 600 millionar tilbake. Tala skil seg frå Vegvesenet sine reknemåtar som over 40 år gir indre trasé best nytte.

– Det er veldig bra at departementet får rekna på ulike ting, seier Ryssdal.

Men også forkjemparane for indre finn tal dei likar i analysen.

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp påpeikar at alternativet for midtre K7 med kort bru over Austefjorden som kjem best ut, ikkje er heilt det same som det kommunane kjempar for, nemleg det dyrare K6 med bru lenger nord over Voldafjorden.

– Rapporten viser at K10 i indre er vesentleg betre enn K6 i midtre. Eg vil seie at det styrkjer sjansane for at K10 blir valt.

Djuvik er glad for at indre trasé med bru i Stryn kjem betre ut enn K6.

Frank Willy Djuvik

- STYRKJER INDRE: Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp.

Foto: Benedicte Hole / NRK

Ikkje nytt meiner indre-forkjempar

Svein Sunde som er dagleg leiar i Gode Vegar AS, meiner dokumentet datert 7. april frå Oslo Economics og Terramar, ikkje innheld ny informasjon.

Han viser til at også den forrige regjeringa bestilte ei slik utgreiing basert på nye rekneføresetnadar, og fekk då dei same tala alt 30 mai i fjor. Rett nok med eit unnatak av at årets notat òg inneheld tal for Møre og Romsdal.

- Det er heilt klart at dette er ein blåkopi av notatet frå i fjor, her er intet nytt. Eg meiner det er veldig rart at det stadig vekk kjem nye ting, som eigentleg er tal som alt kom i fjor. Det meiner eg er uheldig.

Sunde meiner Oslo Economics burde vore tydelege i det nye notatet på at utrekningane alt har vore laga til den forrige regjeringa, og meiner dette er lite seriøst.

- K7 konseptet med bru over Austefjorden er ikkje aktuelt for Volda. K10 gjennom Stryn er betre enn K6 over Voldsfjorden og det har vi vore kjent med i lange tider, seier Sunde.

– Godt å få det svart på kvitt

Det er uansett knytt uvisse til kva tal og samfunnsøkonomiske reknemetodar regjeringa vil legge vekt på når dei om kort tid skal avgjere striden om kvar E39 skal gå i framtida.

På Sunnmøre gjekk regjeringa inn for Hafast, sjølv om dei same reknemetodane som no er nytta for Nordfjord og Søre Sunnmøre viser at Fefast kjem langt betre ut med ein skilnad på heile tre milliardar kroner.

Utrekningane var regjeringa i hende alt 7. april, altså før vegvalet på Sunnmøre. Tidlegare har også samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen teke til orde for å rekne samfunsnytte så langt som 60 til 75 år fram i tid.

Ordførar Alfred Bjørlo i Eid er uansett overtydd om at tala er positivt nytt for midtre.

– I tillegg til dette kjem sjølvsagt det som ikkje er inne i dette reknestykket, nemleg dei regionale effektane, ny kunnskap om dyrare ferjekostnader, samordningsvinstar for offentleg sektor og billegare bruteknologi.

– Sjølv utan desse effektane er midtre det fagleg rette, og det er godt å få det svart på kvitt.