Hopp til innhold

Meir dritvêr i vente utover dagen

Dagens beste råd: Hald på hatten og trekk ut modemet.

Storm

MEIR DÅRLEG VÊR I VENTE: Det blir grisevêr også i dag, med rikeleg med vind, godt med regn og fare for torevêr.

Foto: Mari Rollag Evensen/NRK

Vervarslinga for Vestlandet varslar at dritvêret fortset utover tysdagen. Det er meldt om sørvest liten storm utsette stadar, og sterk storm ved Stad. I kveld vil vinden minke.

Sterkare vind enn under «Nina»

– Det er eit kraftig lågtrykk som styrer vêrsituasjonen, og i natt er det registrert kraftige vindkast. Det var kraftigare vindkast på Kråkenes fyr enn under ekstremvêret «Nina» på resten av Vestlandet, seier meteorolog for vêrvarslinga for Vestlandet, Martin Granerød.

Tysdag er det venta regn- og sluddbyer, snøbyer i indre- og høgareliggande strok. I tillegg er det venta torevêr.

– Kombinasjonen med kraftig vind og mykje snø i fjellet i gjer at det er stor snøskredfare i fjellet, seier Granerød.

Varsom.no melder framleis om rasgrad 4 som er stor rasfare i Fjordane.

Knuste glas i matsalen

For passasjerane om bord på Hurtigruteskipet «Vesterålen» har frukosten blitt inntatt i kraftige dønningar. For dei passasjerane som orka det.

– Vi passerte Stad i ganske bra sjøgang. Så det kan ha vore intenst for nokre av passasjerane i dag. Det var ikkje alle som dukka opp til frukost, fortel Tommy Raaen som er resepsjonslærling.

«Vesterålen» var litt forsinka etter turen forbi Stad, men vil venteleg ta det innatt på veg til Torvik.

– Vi har hatt langt verre turar forbi Stad tidlegare, men eg høyrde rykte om litt knuste glas i restauranten i dag, seier resepsjonisten.

Uveret held fram

Når det gjeld morgondagen har ikkje meteorologen veldig lystelege meldingar. For i morgon fortset ruskevêret med sørvest stiv og periodevis sterk kuling på kysten.

– Ved Stad som er veldig utsett, vil det nok blåse liten storm store delar av dagen i morgon, seier Granerød.