Hopp til innhold

Menn på spøkelsesjakt vart tekne på fersken

Mennene som luska rundt huset på Mo i Førde seint søndag kveld hevda dyrt og heilagt at dei var på jakt etter spøkelser. Til slutt «trudde» både huseigar og politiet på dei.

I mulm og mørke sneik tre unge menn seg rundt husveggane på eit bustadhus på Mo, like utanfor Førde. Klokka nærma seg 23 på søndagskvelden, og huseigaren som oppdaga dei kunne ikkje forstå kva nokon hadde der å gjere.

– Huseigaren tok dei på fersken og lurte på kva dei styra med. Då kom dei med forklaringa om at dei var på spøkelsesjakt. Den oppfatta huseigar som noko spesiell, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust.

Laster Twitter-innhold

Huseigaren oppfatta forklaringa som så spesiell at han tok kontakt med politiet, og heldt på dei tre mennene til ei patrulje var på plass.

– Vi hadde ei patrulje som var ledig, og sende den opp. Dei fekk den same forklaringa, seier operasjonsleiaren.

Politiet sjekka dei tre mennene i 20-åra i alle sine register, og klarte ikkje å finne noko som tyda på at dei tre var ute med uærlege hensikter. Heller ikkje i bilen deira fann politiet noko som gav grunn til å mistenke dei for noko kriminelt.

Forklaringa om at dei var jakt etter spøkelser var slik sett truverdig, seier operasjonsleiaren, sjølv om både huseigar og politiet rynka både to og tre gonger på nasen.

– Dei tre beklaga for opptrinnet og forstod at det verka litt mistenkeleg for huseigar. No gjekk Åndenes makt på TV i går kveld, så det kan hende dei var inspirert av det, humrar Myklebust.

Om dei tre mennene faktisk såg spøkelser er ukjent.

Laster Twitter-innhold