Av:
Eldgrim Fossheim
Kommunar som Vik, Askvoll, Fjaler, Gaular, Jølster og Selje får mellom 1 og 1,5 millionar kroner ekstra. Større kommunar som Vågsøy, Eid, Stryn, Gloppen og Årdal får frå 2 til 2,5 millionar, medan Førde får 3,5 og Flora 4 millionar ekstra i frie midlar. Økonomikonsulent Gerd Fløde Bjørlo hos Fylkesmannen seier dette er ei påplussing som betyr mykje for kommunane.