Hopp til innhold

Tidlegare studentar sørga for fleire millionar til høgskulen

Høgskulen i Sogn og Fjordane får 22 millionar kroner meir enn i fjor, og er truleg ein av dei som får mest auke i kunnskapssektoren.

Åse Løkeland

GLAD: Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er glad over budsjettforslaget på eigne vegne, men meiner det er lite offensivt om ein ser heile sektoren under eitt.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi har større auke enn snittet, og det er vi nøgde med, seier rektor Åse Løkeland.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett får Høgskulen i Sogn og Fjordane ei prosentvis auke i løyvingar på 6,6 prosent, eller kring 22 millionar kroner. At det vart ein auke var ikkje uventa.

– Det følgjer av logikken med studiepoengproduksjon, så det var ikkje overraskande, seier Løkeland.

For dersom studentane har lese godt til eksamen og kjem ut av avslutta studiar med mange studiepoeng får høgskulane og universiteta betalt for det i form av kroner og øre to år etterpå. Nettopp det er gjer at Høgskulen i Sogn og Fjordane kjem godt ut av det no.

Lite offensivt budsjett

Samstundes har regjeringa også øyremerka 1,1 millionar kroner til ei stipendiatstilling innan helse- og sosialfaga, lærarutdanninga og ingeniørutdanninga.

– Det var overraskande og gledeleg. Det same med utstyrsløyvinga på 950 000 kroner til utstyr på sjukepleie- og ingeniørutdanningane, seier rektoren.

Sjølv om ho meiner dei kjem godt ut av forslaget til statsbudsjett, meiner Løkeland at det ikkje er noko offensivt budsjett som er lagt fram.

– Heile sektoren har eit budsjett på 30 milliardar, mot 29 i fjor. Det er ikkje gjort nokon store steg enno, men ein er i gang med eit nytt finansieringssystem, så ein kan vente seg større endringar framover, trur rektor Åse Løkeland.