– Dette er svært gledeleg, seier generalsekretær Kristen Grieg Bjerke i Fortidsminneforeininga.
Det betyr at stiftinga i alt løyver tre millionar kroner.
Byrjar til hausten
Frå før har regjeringa løyvd 8 millionar kroner og fylkeskommunen 2,5 millionar kroner til senteret, som skal avlaste turisttrafikken til det mykje besøkte kulturminnet i Lærdal. No reknar Bjerke med at dei kan byrje å sjå på anboda til hausten.