Hopp til innhold

Denne muren skapar flaumfrykt

Ein mur langs fjorden på Nordfjordeid skal hindre oversvømming, men når sjøvatnet slår over denne muren, vert vatnet stengt inne på land.

Ein mur langs fjorden skal hindre oversvømming, men når sjøvannet slår over muren blir atnet stengt inne på land. Lokalbefolkinga på Nordfjordeid fryktar neste flaum.

– Frå dei fyste dropane kom inn, så gjekk det fem minutt, så vart det ein halv meter vatn inne i huset. Da er det snakk om store vassmengder. Det hjelper ikkje med ein slik barnestrek som dette da, seier Jacob Henden og ser mot muren som er sett opp som eit vern rundt Nordfjordeid sentrum.

Det er berre eitt problem: Det er ikkje noko vern i muren.

Jacob Henden er ikkje nøgd med muren som er sett opp langs fjorden på Nordfjordeid

IKKJE NØGD: Jacob Henden er ein av dei som får inn mykje vatn i huset når det flaumar på Nordfjordeid. Muren som skal stenge vatnet ute gjer ikkje det han skal, meiner han.

Foto: Steinar Lote / NRK

Muren er sett opp for å halde sjøvatn unna gatene i Nordfjordeid sentrum, men det skal godt gjerast når naturkreftene set inn støyten og havet slår inn over murkanten. For at vatn som kjem inn i gatene skal bli drive ut, er det små hol nedst i muren, med nokre meter mellomrom.

Kort sagt: Hola i muren som skal ta unna vatnet er få, små og langt unna kvarandre. Det får lokalbefolkninga på Nordfjordeid til å reagere.

Store vassmengder inn i husa

– Hola er så små, at kjem det ein plastpose inn her saman med vatnet, så er det tett. Da vert det heilt hermetisk lukka her, seier ein oppgitt Ernst Husevåg, før han legg til:

– Det er berre ein stor vits, alt i hop, seier Husevåg.

Muren var påbyrja i 2001. Allereie da hadde Husevåg ei kjensle av at noko kom til å gå gale.

– Fyste gang det var grisevêr etter at muren vart sett opp, så fekk eg ei dårleg magekjensle. Eg lurte på kva som ville skje om det blei skikkeleg storm, fortel han.

Ernst Husevåg i Nordfjordeid er ikkje nøgd med muren som er sett opp langs fjorden

OPPGITT: – Det er berre ein stor vits, alt i hop, seier Ernst Husevåg.

Foto: Steinar Lote / NRK

Da Dagmar rasa langs kysten i desember 2011, slo sjøvatnet inn over Nordfjordeid sentrum. Gatene vart oversvømde. Dei få og små hola i muren klarte ikkje å ta unna alt vatnet som dreiv inn, med det resultat at alt sjøvatnet blei liggande på land i staden for å drive tilbake ut i havet.

– Da steig vatnet opp mot husa, og det blei som ei elv som kom imot oss her. Alle husa her tok inn vatn, seier Husevåg.

Ingenting er gjort

Da flaumen på nytt rasa førre månad, var vassmengdene igjen brutale. Vatnet slo inn og dreiv oppover i sentrum, tett opp mot husa. Tre år etter ekstremvêret Dagmar, er nemleg muren like tett og like dårleg til å drive ut vatn.

No har naboane sett seg leie på å vente på ei løysing, og forventar at kommunen skal gjere noko med muren som ikkje gjer jobben han skal.

– Eg snakka med dei etter valet i fjor, og da lova dei på tru og ære at no skulle dei få orden på desse greiene. Og no viser det seg at dei har ikkje gjort ein drit for å prøve å ordne opp i det, seier ein oppgitt Husevåg, og legg til:

– Eg er utruleg skuffa over at det ikkje har blitt gjort noko. Ein føler det at dei som skal vere trenarane våre og ta vare på innbyggarane, dei gjer ikkje jobben sin godt nok.

(Artikkelen held fram under biletet)

Husevåg og Henden viser fram hola i muren på Nordfjordeid

FÅ OG SMÅ: Muren har få og små hol, og maktar ikkje ta unna vatnet som slår inn, meiner Henden og Husevåg.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Berre å beklage

Kommunen legg seg heilt flat etter kritikken frå dei som bur nær muren.

– At vi ikkje har gjort nokre tiltak for å lage større hol i muren, det er jo berre å beklage, seier teknisk sjef i Eid kommune, Tore Nyhammer-Taklo.

Teknisk sjef i Eid kommune, Tore Nyhammer-Taklo, beklagar

GJER TILTAK NO: At det ikkje har vore gjort noko før no, er berre å beklage, seier teknisk sjef i Eid kommune, Tore Nyhammer-Taklo.

Foto: Steinar Lote / NRK

Han seier at kommunen no skal få fortgang i saka som lokalbefolkninga allereie har venta for lenge på:

– Vi har no vore i kontakt med entreprenør som skal gjere det arbeidet som skulle ha vore gjort tidlegare.

– Har de kontakta spesialistar på området slik at de veit at dette er tiltak som fungerer?

– Det har vi ikkje. Det er litt vanskeleg å ta det som eit konsulentoppdrag, da dette sikkert vil vere ein stor og vanskeleg materie å analysere for å få eit svar som vi berre må prøve oss fram til.