Hopp til innhold

– Christina sin framgang bør vere inngangen Sogndal kommune tek

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, meiner Sogndal kommune har full moglegheit til å la Melaas AS halde fram med omsorga for Christina Flåten.

Lødemel og Vikane

POLITIKARANE MÅ BESTEMME: Bjørn Lødemel saman med gruppeleiar i Sogndal Høgre, Karin Vikane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han var til stades på Sogndal Høgre sitt møte onsdag kveld. I morgon skal saka om den sterkt pleietrengjande Christina Flåten, opp i formannskapet.

Bakgrunnen er at Sogndal kommune har sagt at dei ønskjer å ta tilbake omsorga for Christina, trass kraftig kritikk frå Fylkesmannen om kommunen sitt tilbod. For foreldra til den pleietrengjande 17-åringen var det også uakseptabelt å gå tilbake til kommunal omsorg.

Det er for tida det private selskapet Melaas AS, som har ansvaret for Christina sitt omsorgstilbod.

– Vanskeleg, men positiv sak

Sogndal Høgre reagerte kraftig på utspelet frå kommunen, og varsla stortingsrepresentant Bjørn Lødemel. Han meiner det er ei vanskeleg sak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lødemel og Vikane

POLITIKARANE MÅ BESTEMME: Bjørn Lødemel saman med gruppeleiar i Sogndal Høgre, Karin Vikane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg har følgd med denne saka i lenger tid, både i forhold til at Sogndal Høgre har diskutert den, men også den siste tida i forhold til at eg har snakka med foreldra. Det er ei vanskeleg sak, men det er også ei positiv sak i forhold til at Christina no verkeleg har fått fin framgang, seier Lødemel til NRK.

Han meiner det må vere inngangen Sogndal kommune tek i saka.

– No er Christina på betringens veg, og då er det viktig å byggje vidare på det, seier han.

Politisk kommando

Lødemel meiner det er viktig at politikarane i Sogndal tek kommando.

– Eg håpar dei startar prosessen med å byggje opp att tillit, og ikkje minst gi foreldra tryggleik for at det tilbodet som dei i dag har med Melaas, held fram. Det er det viktigaste no, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christina Flåten

PÅ BETRINGENS VEG: 17 år gamle Christina Flåten er på betringens veg etter at ho kom til privateigde Melaas AS.

Foto: privat

– Må ikkje ha anbodsrunde

Karin Vikane, gruppeleiar i Sogndal Høgre, reagerte kraftig på at Sogndal kommune uttalte at dei ønskte å ta tilbake omsorgsansvaret. No håpar ho at Formannskapet vil sjå den framgangen ho har hatt hos Melaas.

Frank Flåten og Ann Sigrid Hjellhaug

VIL IKKJE TILBAKE: Foreldra til Christina, Frank Flåten og Ann Sigrid Hjellhaug ønskjer ikkje at Chrisitna skal komme under kommunal omsorg igjen.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– I tillegg håpar vi at dei kan sjå på tilsvarande saker og korleis dei er løyst. Vi ser at det finnast opningar, og det finnast rom for at Sogndal kommune kan bruke Melaas direkte utan å gå på anbod, seier Vikane.

Etter å ha sjekka opp i reglane, er Lødemel samd med Vikane.

– Eg meiner at dersom Sogndal kommune ønskjer å gå direkte til Melaas, så har dei full moglegheit til å gjere det. No har ein fått fasiten på kva som fungerer for Christina, og då må Sogndal kommune sørgje for at ein held fram med det, seier han.