Hopp til innhold

Vil ikkje tilbake til kommuneomsorg

Foreldra til Christina Flåten er rysta over at Sogndal kommune på sikt ynskjer å ta tilbake omsorga for den pleietrengande 17-åringen.

Historien om den pleietrengande 17-åringen Christina, vekte sterke reaksjonar då foreldra stod fram på NRK. Sogndal kommune fekk krass kritikk frå fylkesmannen for mangelfullt pleietilbod. 
Trass i dette, ønskjer kommunen på nytt å ta over ansvaret for Christina.

Kritikk for mangelfull omsorg

Kommunen sitt tilbod til den pleitrengane Christina Flåten har vorte kraftig kritisert av Fylkeslegen, og tilstanden hennar har vorte betydeleg betre under omsorga til det private firmaet Melås AS.

I går kom det fram at kommunen på sikt ønskjer å ta over omsorga igjen, trass i kritikken etter førre gong.

– Fylkesmannen har jo gjort sitt vedtak i lys av at kommunen på sikt ønskjer å ta tilbake omsorga for Christina. Og når ein har kapasitet og kompetanse på plass så går eg ut frå at det vil skje, men som eg har sagt så er det veldig viktig at tilbodet er forsvarleg, sa varaordførar Laura Kvamme.

– Stor endring hos Melås

Dette er det vanskeleg for foreldra til Christina å forstå.

– Kristina har jo vore i hendene på Sogndal kommune i så mange år. Det har blitt ei dårlegare og dårlegare utvikling. Situasjonen vart til slutt så dårleg at det stod om livet, seier Frank Flåten, som er far til 17-åringen.

Dei merkar stor forskjell etter at det private firmaet Melås AS tok over pleien.

– Den største forskjellen er heilt klart at Christina låg og kjempa for livet sitt, der kjenslelivet var heilt forsvunne. Vi hadde rett og slett mista jenta vår den gongen, seier Flåten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Flåten og Ann Sigrid Hjellhaug

UFORSTÅELEG: Foreldra til Christina Flåten, Frank Flåten og Ann Sigrid Hjellhaug, meiner det er uforståeleg at kommunen vil endre på eit tilbod som no fungerer for dottera deira.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Også mor til Christina, Ann Sigrid Hjellhaug, ser stor endring hos dottera.

– No ser vi jenta vår som ler og tøyser. Ho er oppe og prøver å utføre ulik slags trening kvar dag. Ho har eit kjempeflott team rundt seg som fungerer, og ho har det godt, og det gjer godt for oss som foreldre å sjå. Eg forstår ikkje at kommunen vil ta ho ut av eit slikt tiltak som fungerer så bra, seier Hjellhaug.

Vil ikkje til kommunen

No er foreldra livredde for at dottera skal gå tilbake til den tilstanden ho var i før ho kom til Melås.

– Vi veit at den kompetansen som krevst har kommunen definitivt ikkje per i dag, seier Hjellhaug.

Frank Flåten meiner det naturlege av kommunen ville vere å sikre at eit så godt tilbod som Melås har gitt Christina, får halde fram.

– Det er komme eit liv bakom dei vitskremde augene. Det er framtidshåp. Ho er 17 år, og ho kan komme fullt tilbake til livet. Det er ingenting ut frå diagnose som tilseier at ho ikkje kan det, seier han.

Kommunen står på sitt

Jostein Aanestad

VIL TA OVER: Rådmann i Sogndal kommune, Jostein Aanestad, seier dei vil å overta pleien fordi dei ønskjer eit stabilt og godt tilbod til brukaren.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Likevel står kommunen på at dei på sikt ønskjer å ta tilbake omsorga for Christina.

– Det er fordi vi ønskjer å ha eit stabilt, godt tilbod for brukar. Det er viktig for brukar å sikre det, seier rådmann i Sogndal kommune, Jostein Aanestad.

– Kvifor vil de då ha ho vekk frå Melås og inn til kommunen igjen? Vert ikkje det eit oppbrot i stabiliteten?

– Vi har lagt til grunn at vi skal kunne ha, kall det gjerne glidande overføring, av kompetanse og tenesteyting. Slik at det vil vi sikre uavhengig av kven som yter tenesta, seier Aanestad.