Hopp til innhold

Meiner nybygg vil vere svært viktig for Skålatårnet

– Det ville forundre meg stort om ikkje byggesøknaden går elegant gjennom saksbehandlinga, seier ordførar i Stryn, Sven Flo.

Sven Flo Skåla sikringshytte

BERRE POSITIV: Ordførar i Stryn, Sven Flo, ser fram til at Bergen og Hordaland turlag kjem vidare i planane om å bygge sikringshytte på Skåla.

Foto: NRK/Arkitekt Eilif Bjørge

For planane om det nye sikringsbygget på toppen av Skåla i Loen er eitt steg nærare realisering. Det er Bergen og Hordaland turlag som står bak prosjektet som har heldt på i lengre tid. Tysdag fekk dei klarsignal av Jostedalsbreen nasjonalparkstyre.

– Teikningane og søknaden som vart lagt fram på bordet var svært gode, seier Sven Flo, som også sit i nasjonalparkstyret.

– Vil avlaste tårnet

Han har difor følgd saka tett dei siste åra, og er glad for at planane no kan ta steget vidare.

– For Stryn sin del er det å få auka kapasitet og sikra tårnet ved at vi kan stengje det av vinterstid som er den kritiske perioden for tårnet, berre positivt, seier Flo.

Sikringshytta skal ha mellom 20 og 25 sengeplassar samt fire toalett og kjøkkenfasilitetar. Dette vil føre til at ein i større grad kan handtere dei jamt stigande besøka til Skålatårnet, både for å unngå at folk kjem til topps utan å overnattingsplass, men også for tårnet sin del.

– Den viktigaste er å avlaste tårnet, altså den belastninga som tårnet no får med auka aktivitet. Tårnet er tenkt å vere stengt vinterhalvåret for å unngå fyring blant anna som skader tårnet og som fører til store vedlikehaldskostnader. Sikringshytta skal vere open heile året, seier Flo.

Kravde at tårnet ikkje skal miste fokus

Saka har vore innom nasjonalparkstyre ved fleire høve. Fordi Skåla ligg i ein nasjonalpark har det vore fleire ting å ta omsyn til.

– Vi snakkar om eit avgrensa område og plasseringa er viktig. Det har også vore eit viktig kriterium at bygget ikkje skal ta vekk opplevinga eller funksjonen til Skålatårnet. Det er tårnet som skal vere det visuelle landemerket, seier ordføraren.

Bergen og Hordaland turlag har no sendt byggesøknad til Stryn kommune, men Flo ser ikkje for seg at dette skal bli eit hinder.

– Så lenge saka har vore behandla i nasjonalparkstyret så vil vi handtere dette med veldig positivt forteikn. I Stryn kommune har vi vore veldig opptekne av å ta nasjonalparken vår i bruk, og dette er eit veldig bra tiltak i så måte. Det ville forundre meg stort om ikkje søknaden går elegant gjennom saksbehandlinga vidare framover.