Hopp til innhold

– Ho måtte trekkje seg for å få ro partiet

– Liv Signe Navarsete ikkje hadde noko anna alternativ enn å trekke seg som leiar for å få ro i partiet, seier politisk kommentator Magnus Takvam i NRK.

Liv Signe Navarsete og Magnus Takvam

IKKJE ANNA VAL: NRK-kommentator Magnus Takvam meiner Liv Signe Navarsete ikkje hadde anna val enn å trekkje seg som leiar.

Foto: Heiko Junge, Scanpix/NRK

Etter mykje uro både internt i og kring partiet, gjekk partileiar Liv Signe Navarsete laurdag ut og annonserte at ho vil sleppe til nye krefter i leiarrolla.

– No er utfordringa for partiet å la den prosessen som skal vere fram til ny leiing er på plass, ta ei form som ikkje ytterlegare øydelegg Senterpartiet, seier Magnus Takvam.

NRK-kommentatoren seier det er liten tvil om at Navarsete har betydd mykje for Sogn og Fjordane.

– Det er liten tvil om at hennar leiarskap har vore viktig for heimfylket. Eg hugsar rekordresultatet i 2009, der ho gjorde ein formidabel innsats. Ho har vore ei aktiv talskvinne for smått og stort i heimfylket sitt, seier han.

Konfliktar og bråk i partiet

Leiinga i Senterpartiet, med Navarsete i spissen, har fått kraftig kritikk i etterkant av valet i haust. Det toppa seg med den knusande evalueringsrapporten som blei lagt fram like før jul, og stormen auka i styrke då NRK tysdag avslørte at ho like etter valet ringde dåverande statsrådskollega Bård Vegar Solhjell for å få ham til å legge E16 gjennom heimstaden Lærdal i tunnel, noko som gjorde at vegprosjektet blei 400 millionar kroner dyrare.

Takvam meiner Navarsete har vore ein ombodsperson i smått og stort som mange meiner ein politikar bør vere.

– Den siste saka om Lærdal og tunnelen som det var mykje bråk om, er det siste døme på det. Men samstundes som den raudgrøne partia måtte forlate regjeringa, så har Senterpartiet vore prega av indre konfliktar.

– Hadde Navarsete noko anna val enn å trekkje seg?

– Dei fleste meiner vel at svaret på det er nei. Det vippa mellom det som no har skjedd og at ein kunne stå det av til landsmøte i 2015. Eg trur at det som tippa over, var evalueringsrapporten og måten den blei handtert på. Ikkje minst måten Navarsete gjorde det på, seier han.

– Kom ut av kontroll

Han meiner at dette mobiliserte motkrefter og at situasjonen kom ut av kontroll.

– Til slutt av det ikkje så mange andre måtar å få ro i partiet på enn det som faktisk skjedde.

– Er du overraska over det Navarsete signaliserte i helga?

– Det var ingen på førehand visste at det gjekk det vegen på møtet i Kongsberg der ho annonserte dette. På den måten kom det overraskande. Men ho hadde ikkje så mange andre val.

– Ingen klar leiarkandidat

Takvam seier det blir eit maktvakuum i partiet fram mot det ekstraordinære landsmøtet i vår og at det ikkje er nokon klar leiarkandidat til å ta over. Ola Borten Moe som er ein av nestleiarane i partiet, sit ikkje på Stortinget og blir difor ikkje rekna som ein leiarkandidat.

–Det er litt av problemet til partiet at det ikkje er nokon klar leiarkandidat sjølv om mange peikar på Trygve Slagsvold Vedum som i dag er nestleiar. Nokre nemner Marit Arnstad, men dei aller fleste trur ikkje ho er motivert for å ta ein slik jobb. Difor verkar det som Slagsvold Vedum er ein dei fleste kan godta, seier han.