Hopp til innhold

Meiner leiinga i Helse Førde har brote hovudavtala

Nok eit varsel og nok ei skulding blir retta mot leiinga av Helse Førde. Denne gongen varslar tillitsvalde i fem fagforbund om det dei meiner er brot på hovudavtala.

Jens Ola Evjensvold, Torgeir Folkestad, Hans Jacob Westbye

BROT: Tillitsvald i overlegeforeininga, Hans Jacob Westby (t.h.), saman med overlege Jens Evjensvoll (t.v.) og lege Torgeir Folkestad fotografert ved eit tidlegare høve.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

  • SISTE TORSDAG FØREMIDDAG: Legeforeininga og Norsk sjukepleieforbund godtek ikkje forslaget frå leiinga onsdag om å bli samde. Konflikten går difor til mekling sentralt, noko også føretaksleiinga er enig i at den bør gjere.

Forbunda meiner eit prosjekt innan kirurgi er sett i verk utan at dei tilsette eller deira tillitsvalde er blitt tekne tilstrekkeleg med på råd, slik paragraf 29 i hovudavtala seier at dei skal eller bør gjere.

Saka gjeld eit forprosjekt, seinare kalla forstudie, som skal avklare kvar dei ulike delane av kirurgisk verksemd i Helse Førde skal føregå i framtida.

Wenche Kristin Røkenes

FLEIRE: Fem forbund stiller seg bak varselet, mellom anna det største, sjukepleiarforbundet, representert ved føretakstillitsvald Wenche Røkenes.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Legeforeininga, sjukepleiarforbundet, fagforbundet, Delta og ergoterapiforbundet står bak varselet. Desse organiserer nær to tredjedelar av dei tilsette i Helse Førde.

– Som det går fram av varselet meiner vi at det har funne stad eit nytt brot på hovudavtala som vi diverre ikkje har kome til semje om i lokale forhandlingar, seier tillitsvald i overlegeforeininga, Hans Jacob Westby.

Han ynskjer ikkje kommentere saka ytterlegare sidan saka skal opp til mekling sentralt.

– Bør og skal

Dei tillitsvalde meiner forstudien kan reknast som ei arbeids-, prosjekt- eller styringsgruppe, og at hovudavtalen seier dei tilsette ved etableringa av slike, skal sikrast reell innflytelse. Dette meiner dei tillitsvalde ikkje har skjedd.

– Sjølv om regelen i hovudavtalen er ein bør-regel meiner vi at leiinga skulle ha involvert tilsette om dei ynskjer eit godt samarbeid. Framgangsmåten vitnar om det motsette, skriv dei tillitsvalde i varselet.

Dei hevdar også at dei tillitsvalde ikkje har fått uttalt seg om forstudiegruppa si samansetjing og mandat. Og at dette er ein skal-regel i hovudavtalen, og difor noko leiinga ikkje kan velje bort.

HR-direktør Arne Skjelten i Helse Førde seier det ikkje er underteikna noko usemjeprotokoll enno.

HR-direktør i Helse Førde, Arne Skjelten

TIL MEKLING: HR-direktør Arne Skjelten i Helse Førde seier partane har ulike syn på saka.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Dermed er det heller ikkje endeleg klart om saka går til sentral mekling, seier Skjelten.

Dei lokale forhandlingane vart tekne opp att onsdag med forslag om å bli samde. Men det er usikkert om alle forbunda vil gå med på det.

Lang konflikt

Like før påske vart det kjent at bråket etter forsøket på ei omorganisering i Helse Førde i fjor haust, ikkje hadde lagt seg.

I eit tilsvar til granskinga av Helse Førde i vinter, varsla legeforeiningane ved helseføretaket at dei ikkje lenger har tillit til administrerande direktør Jon Bolstad. Og at dei var komen til eit punkt der berre «radikale endringar» i føretaksleiinga ville hjelpe.

Helse Førde sitt største forbund, sjukepleieforbundet med 750 medlemmer, gjekk ut og støtta legane.

Samstundes frykta pasientombodet i Sogn og Fjordane at konflikten vil gå ut over pasientane i fylket.

Splitta føretak

Nye utspel etter påske viser at helseføretaket er splitta i synet på mistillit. I førre veke gjekk ti mellomleiarar i Helse Førde ut og gav støtte til administrerande direktør Jon Bolstad.

Dei sende eit brev til styreleiar Agnes Landstad og til avisa Firda sa dei at dei ikkje kjente seg att i bildet som blir teikna av eit helseføretak i full tillitskrise til sin øvste leiar.

Fredag skal styre i Helse Førde handsame tilsvaret frå legane. I tilrådinga går ikkje styreleiar Agnes Landstad inn på den konkrete kritikken, men føreslår å ta tilsvaret til vitande, og skriv formuleringar om «konstruktivt og respektfullt samarbeid om tenestene der alle spelar på lag».