Hopp til innhold

Legane i Helse Førde får støtte av sjukepleiarane

Sjukepleiarforbundet støttar legane i Helse Førde som ber styret gjere «radikale endringar» i føretaksleiinga for å få ein ende på tillitskrisa i helseføretaket.

Wenche Kristin Røkenes

STØTTE: Wenche Røkenes er føretakstillitsvald for sjukepleiarforbundet og sit i styret i Helse Førde.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

I går gjekk dei tillitsvalde for legeforeiningane i Helse Førde ope ut i NRK og skulda administrerande direktør Jon Bolstad for å ha skapt eit «utbreitt, omfattande og alvorleg tillitsbrot mellom toppleiinga og leiinga i fleire nivå nedover».

– Vi er komne til eit punkt der vi ikkje kan kome vidare utan at det skjer radikale endringar i føretaksleiinga, sa føretakstillitsvald Torgeir Folkestad i Yngre legars foreining.

Føretakstillitsvald Wenche Røkenes i Sjukepleiarforbundet seier dei stiller seg bak legane.

– Vi er samde med legane. Det er langt att før vi har retta opp att tilliten i helseføretaket, seier Røkenes.

Jens Ola Evjensvold, Torgeir Folkestad, Hans Jacob Westbye

HAR IKKJE TILLIT: – Vi er eit helseføretak i ubalanse, meiner føretakstillitsvald i overlegeforeininga, Jens Ola Evjensvold. I midten føretakstillitsvald i Yngre legars foreining, Torgeir Folkestad. Til høgre tillitsvald i overlegeforeininga, Hans Jacob Westbye.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Følge lova

Ho seier forbundet har visst om tilsvaret frå legane ei stund, og at dei har diskutert kva dei skal gjere.

– Vi kom til den konklusjonen at vi vil bruke tida til å følge opp og sørge for at alle tinga som ligg i avtale- og lovverket blir følgt opp.

– Men vi har lese tilsvaret til legane og er ikkje usamde, seier Røkenes.

Ho seier at det for ho ikkje handlar om kven som sit på toppen av Helse Førde.

– Mitt fokus er at vi må ha eit leiarskap som følger lov- og avtaleverk. Det er også det NSF har sagt. Vårt mål er å få til eit godt samarbeid.

Åtte funn

I tilsvaret listar legane opp åtte hovudfunn som dei meiner var kritikkverdig under forsøket på å omorganisere Helse Førde i fjor. Nokre av dei går på tvers av kva dei som granska Helse Førde i vinter kom fram til.

Røkenes seier sjukepleiarane er samd i mykje av det som kjem fram.

– Vi støtter ein del av punkta, det er viktige punkt. Kor vidt det skal føre til at direktøren må gå, er ikkje opp til meg som tillitsvald å seie noko om, seier Røkenes.

Jon Bolstad

LEIAR: Jon Bolstad har ikkje ynskt å kommentere tilsvaret frå legane i Helse Førde.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Juridisk støtte

Tilsvaret frå legane i Helse Førde er utarbeida i samarbeid med legeforeininga sine eigne juristar. Advokat knytt til Norske sjukepleiarforbund stiller seg bak dei juridiske vurderingane som legeforeininga har gjort.

Røkenes meiner granskingsrapporten som styret i Helse Førde fekk i januar, kan lesast på fleire måtar.

– Det juridiske i omorganiseringsprosessen var kanskje på plass. Men det vart sagt ein del andre ting av granskarane som kanskje burde få fokus, seier Røkenes.

Tillit

Styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde ynskjer ikkje å kommentere det sjukepleiarane seier i dag. Til NRK i går sa ho at styret har tillit til administrerande direktør Jon Bolstad.

– Det går føre seg eit utviklingsarbeid på dei læringspunkta som kom fram etter faktarapporten. Så skal vi handsame tilsvaret frå legane på neste styremøte, sa Landstad.