Hopp til innhold

Meiner dei ikkje fekk informasjon om farane på breen

Jon Hellevik frå Kolbotn er kritisk til tryggleiken ved Nigardsbreen. Han meiner familien verken fekk informasjon om farane eller at ulukkesområdet var godt nok sikra under ein familietur tidlegare i sommar.

Sperring ved Nigardsbreen

KRITISK: Jon Hellevik meiner han og familien ikkje fekk informasjon om farane då dei var på guida tur på Nigardsbreen tidlegare i sommar. Han meiner òg at området der dødsulukka skjedde søndag ikkje var sperra av.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Søndag omkom to tyske turistar etter å ha blitt trefte av ei stor isblokk frå Nigardsbreen. To born på åtte og ti år mista foreldra.

Tidlegare i juli var Jon Hellevik og familien på den same breen. Der vart dei med på ein familietur i regi av Jostedalen breførarlag.

– Det vart ikkje gjeve nokon informasjon om at det kunne vere farleg å bevege seg framfor breen, vi såg ingen skilt og vi såg heller ingen sperretau. Derfor har eg reagert litt i etterkant på at det blir framstilt som om turistane som omkom har gått forbi sperringar og stoppskilt. For det såg ikkje vi, seier han.

Brukar å informere

Han presiserer at familien såg fleire skilt og stoppetau på veg opp til utgangspunktet for familieturen, som ligg på venstre side av breen.

På Nigardsbreen

PÅ BREEN: Jon S. Hellevik, saman med Simon og Adam på Nigardsbreen.

Foto: Privat

– På høgre sida såg vi desse skilta som har blitt vist i media og det sperretauet. Men på venstre side kan eg ikkje hugse at vi såg nokon ting, seier han.

Heidi Zimmermann i Jostedalen breførarlag seier dei alltid brukar å informere turistane om farane.

– Viss det ikkje skjedde den dagen så er det veldig beklageleg, seier ho.

Men ho har sjølv opplevd at det ikkje alltid hjelper, uansett kor mykje dei informerer.

– Eg vart ganske sjokkert tidlegare i sommar, eg hadde brukt lang tid på å forklare om både isras og steinsprang. Og det første folk gjer når eg ryddar taua, det er å springe inn i breporten, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasulukke ved Nigardsbreen.

LIKE ETTER: Dette biletet er tatt like etter den tragiske ulukka der to tyske turistar omkom

Foto: Erik Bloemink

Skilt og sperringar var på plass

Ho avviser at det ikkje var sperringar på plass den dagen ulukka skjedde.

– Det var sett opp tau og vi var oppe på breen og stramma etter tidleg om morgonen før ulykka skjedde, seier ho.

At familien ikkje har fått med seg skiltinga på venstre side av breen har ho vanskeleg for å skjøne.

– Det er det godt skilta der folk går til vanleg og det er til og med laga sperringar oppover slik at folk ikkje går etter gamle merkingar. Men nordmenn er veldig ofte slik at dei ikkje følgjer der det er merka og lettast å gå. Dei berre går heller den rettaste og kjappaste vegen. Og det er klart, då vil du ikkje sjå dei skilta, seier ho.

Etter eit hastemøte der politi, Luster kommune, Statens naturoppsyn og breførarlaget deltok tysdag, vart tryggleiken ved Nigardsbreen skjerpa. Ein NVE-rapport slår fast av 90 tonn is kan rase ned frå breporten. Politiet flytta på - og sette opp nye sperringar, for å betre tryggleiken. I tillegg blir det innført vakthald ved turistattraksjonen.

Etter eit hastemøte sette politiet opp nye sperringar ved Nigardsbreen. 90 tonn is står i fare for å rase ned frå breporten.

SJÅ TV-REPORTASJE: 90 tonn is kan rase ned frå breporten. Politiet set opp nye sperringar ved Nigardsbreen.