Hopp til innhold

Meiner arbeidsgruppa legg opp til for mykje sentralisering

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn i Venstre, meiner arbeidsgruppa som har sett på den framtidige organiseringa av politiet i fylket, går for langt.

Sveinung Rotevatn (V)

GÅR FOR LANGT: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) meiner innstillinga frå arbeidsgruppa i Vest Polidistrikt er i strid med signala frå Stortingsfleirtalet om den framtidige politistrukturen.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Arbeidsgruppa skulle følge opp politireforma som Venstre og Stortingsfleirtalet står bak, men eg meiner innstilling som kjem frå gruppa, går for langt i sentraliserande lei, seier Rotevatn.

Berre i Sogn og Fjordane foreslår arbeidsgruppa i Vest politidistrikt å halvera talet på lensmannskontor til 11. Innstillinga er levert til politimeisteren i Vest politidistrikt og vert lagd fram for styringsgruppa 5. oktober.

– I dag har politiet tre geografiske driftseiningar i fylke; i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Det foreslår arbeidsgruppa å redusere til ei. Det meiner eg er å gå for langt og det er strid med signala frå Stortingsfleirtalet, seier Rotevatn.

For små

Politimeister Kaare Songstad vil ikkje vil kommentera saka før han legg fram sitt forslag, men han har tidlegare sagt:

– I begge fylka er det kontor som ikkje er store nok i forhold til føringane vi har fått. Dei resursane prøver vi å gjera om til anna politiverksemd i dei same områda, sa Songstad på eit møte hjå Sogn regionråd i september.

Delt innstilling

– Eg registrerer at innstillinga frå arbeidsgruppa er delt. Halve utvalet meiner faktisk at vi må halde på dei einingane vi har i dag. Det meiner eg er den rette konklusjonen, også fagleg, og det bør ein følge opp, seier Rotevatn.

I tillegg meiner Rotevatn at arbeidsgruppa går for langt i å sentralisere dei såkalla tenesteiningane.

– Det tykkjer eg er synd. Vi har sett gode døme, blant anna i Hafs-regionen der kommunane frivillig har gått saman og sagt at dei er villige til å vere ei tenesteeining, som kan gi betre politikraft. Men det har ein altså sett vekk frå. Her meiner eg at politimeisteren må ta ansvar og sørge for god politiberedskap i heile fylket, seier Rotevatn.