NRK Meny
Normal

Meiner å ha nye opplysningar

Privatetterforskar Tore Sandberg seier at politiet fekk inn opplysningar som dei aldri brukte i saka. - Det er heilt ubegripeleg at dei ikkje var ein del av saka.

Video Privatetterforskar Tore Sandberg vil ta opp att Slåtten-saka

Sjå intervju med privatetterforskar Tore Sandberg som har vore i Førde i dag.

Sandberg har i dag vore i Førde for å ha møte med involverte i Slåtten-saka frå 2004. Han er leigd inn av familien til mannen som er dømd for drapet på Anne Slåtten, Øyfred Henning Standnes.

Han sonar no ein dom på 15 år, men hadde permisjon i dag og har tilbragt dagen saman med Sandberg.

– Vi er no i ei innsamlingsfase og det er eit år sidan eg var her første gong. Eg samlar framleis inn opplysningar, og har ikkje vurdert om vi vil gjere krav om gjennopning av saka. Men det er heilt klart at det er ein sannsynlegheit at det skjer, seier privatetterforskaren.

– Kvifor er det sannsynleg?

– Vi har allereie no det same eg har sett i tidlegare saker, at dei dokumenta som har ligge til grunn for saka ikkje har vore uttømmande og fullstendige.

Finn ikkje forklaringane

Han seier han har snakka med fleire personar som både har gjort detaljerte observasjonar og som seier at dei har gått til politiet med forklaringar.

– Men dette er forklaringar eg ikkje finn i dokument eg har sett.

– Heilt ubegripeleg

Tore Sandberg

Tore Sandberg seier han har jobba med saka i eitt år.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sandberg seier at han i dag har hatt eit møte til forsvaren til den domfelte.

- Dette gjorde eg for å kvalitetssikre dette. Han stadfestar at dette er opplysningar han ikkje hadde.

– Kva type opplysningar er det?

– Eg kan ikkje gå inn i detaljar på kva for observasjonar som er gjort, men dei er av ein slik art at det er heilt ubegripeleg at dei ikkje er ein del av saka.

Dømd på DNA-funn

Privatetterforskaren seier at domfelte i stor utstrekninga vart dømd på DNA-funn.

– Eit DNA-funn inneber ikkje utan vidare at sporet er avsett på funnstaden. Det kan tenkjast at DNA-sporet kan ha kome ein annan stad enn funnstaden. Det er eit av spørsmåla eg vil sjå nærare på.

– Kvifor valde du å seie ja?

– Eg fekk først ei henvending, og familien opplyste meg om at det var ein person på lokalplanet som engasjerte seg i saka og som sat med mykje opplysningar og lokalkunnskap. Det er noko eg alltid er ute etter når eg er går inn i ei sak.

Har drive gravearbeid

Johnny Nord

Johnny Nord frå Førde tykkjer det er bra at nokon ser på saka på nytt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Johnny Nord frå Førde er den mannen. Han tykkjer det er bra at Sandberg no har kome inn i saka.

- Det var på tide at noko slikt skjedde. Eg har drive med ein del grunnarbeid og gravearbeid som Sandberg no snakkar om. Dette har eg tidd stille om, for eg har tenkt at det kom ein dag der eg kunne jobbe meir aktivt med dette.

– Kva type opplysningar er dette?

– Dei har Sandberg fått og ingen andre. Eg er ein lekmann i dette og har hatt mykje kontakt med domfelte. Opplysningane har eg gitt til dei som kan dra nytte av dei.

– Kvifor gjekk du ikkje til politiet?

– Saka er på det noverande tidspunkt avgjort. Det er fem år sidan kom dommen kom, og det er ikkje hjelp i å gå til politiet då. Som Sandberg seier, så er det vitneavhøyr som er gjorde, og som ikkje føreligg i saka.

– Kva meiner du om arbeidet til politiet?

– Det har eg ikkje grunnlag for å uttale meg om.

– Meiner du at Standnes er uskuldig dømd?

– Det kan eg ikkje seie noko om. Eg går ikkje imot domstolane og seier at dei gjer feil. Eg prøver berre å få fram dei opplysningane eg har.

– Opererer med forskjellige kortstokkar

Tore Sandberg seier at når det gjeld politiet sitt arbeid, så har han møtt tilsvarande problemstillinga i andre saker.

– Det kan ikkje vere slik i alvorlege straffesaker at ein opererer med ulike kortstokkar. Forsvar og domstol får ein del av kortstokkken, medan politi og påtalemyndigheit sit med ein meir omfattande kortstokk. Politi og påtalemyndigheit skal ikkje bestemme om eit dokument er viktig og av betydning. Det ville eg som forsvarar forbehalde meg retten til å bedømme.

Meiner opplysningane burde vore med

Etterforskaren seier at han har sett denne problemstillinga i ei rekkje saker.

– Eg har funne dei mest oppsiktsvekkjande og fantastiske dokument, som opphavleg ikkje var ein del av grunnlagsmaterialet som den fellande dommen vart avsagt på.

– Er desse opplysningane du sit på no fantastiske og overraskande, eller er det berre små detaljar?

– Det er opplysningar som eg klart meiner burde vore kjent for alle aktørar i saka.

Politiet i Sogn og Fjordane har ikkje høve til å kommentere denne saka i dag.

Video Kvinne funnen død i Førde

Anne Slåtten var funnen død søndag 6. juni 2004.

Video Kripos til Førde

Kripos kom til Førde etter drapet på Anne Slåtten.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå