Hopp til innhold

Vil sjå på Anne Slåtten-saka på ny

Privatetterforskar Tore Sandberg er hyra inn av familien til den som vart dømd for drapet på Anne Slåtten i 2004.

Tore Sandberg

Tore Sandberg vil undersøkje Anne Slåtten saka, og er no i Førde for å snakke med folk.

Foto: Morten Holm / Scanpix

- Eg er i Førde for å møte personar knytta til saka, seier Tore Sandberg til NRK Sogn og Fjordane.

Tore Sandberg, Fritz Moen og John Christian Elden

Sandberg har kjempa for fleire han meiner ikkje er blitt rett behandla i rettssystemet. Her er han saman med Fritz Moen og John Christian Elden

Foto: Heiko Junge, Junge, Heiko

Angedalsvegen i Førde, der Anne Slåtten vart funnen drepen i 2004.

Angedalsvegen i Førde, der Anne Slåtten vart funnen drepen i 2004

Foto: NRK

Fekk treff på DNA

Sandberg opplyser at det er familien til den domfelte Øyfred Henning Standnes som har leigd han inn for å sjå på saka på nytt.

Anne Slåtten vart funnen drepen i Førde i juni 2004. Politiet sette store ressursar inn på å løyse saka. På hausten same året fekk dei DNA-treff, og pågreip Standnes frå Bygstad i Sunnfjord.

LES OGSÅ:

Vart dømd i retten

Han vart seinare dømd for drapet på sjukepleiarstudenten både i tingretten og lagmannsretten.

LES OGSÅ:

Høyr intervju med privatetterforskar Tore Sandberg i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane og sjå sak på Vestlandsrevyen i kveld.