Hopp til innhold

Mehuken tripla driftsresultatet

Mehuken Vindmøllepark på Kråkenesfjellet i Vågsøy dobla inntektene og tredobla driftsresultatet i 2011.

Vindmøller på Mehuken.
Foto: Roald Levi Halsør

- Det vi kan seie så langt, er at Mehuken II har vore eit vellukka prosjekt og at det første driftsåret har vore betre enn budsjettert, seier dagleg leiar i Kvalheim Kraft DA, Olav Rommertveit til Sunnmørsposten på nett. .

Første året

Han minnar likevel om at dette er første driftsåret til to nye vindturbinar, slik at alt anna enn ein stor auke i inntektene ville vore ei stor overrasking.

- Om dette er lønsame investeringar vil vise seg først etter 10-20 år, seier han til Sunnmørsposten.

Fem prosent meir

Dei første fem vindmøllene som utgjorde Mehuken I kom i drift i 2001, i fjor kom dei åtte store vindmøllene i Mehuken II i drift. Dei skulle etter budsjettet produsera 53 GWh i året, men nådde opp i 57,7 GWh, altså 8,86 prosent meir.

- 2011 vart eit veldig godt år også prismessig. I år produserer me som forventa, men kraftprisane er låge. Det heng saman med at alle vassmagasina i Norge renn over av vatn. Kraftprisane er i stor grad vêravhengige, seier seier Rommertveit til Sunnmørsposten.

Totalt har skal vindmølleparken på Kråkenesfjellet ha ein årsproduksjon på 65 GWh, om lag tilsvarande straumforbuket til innbyggjarane i Vågsøy kommune.