NRK Meny
Normal

Med skyting som livstil

Denne veka er over 800 skyttarar samla i Sogn for å skyte om heider og ære på Lerum-cup. For familien Tiemann Hegg frå Lærdal er skyting ein livsstil.

Gå til forsiden

Skyttarfamilien Tiemann Hegg frå Lærdal

Sara Sofie Tiemann Hegg, Olav Tiemann Hegg og Jens Henrik Tiemann Hegg

Skyttarfamilien Tiemann Hegg frå Lærdal

10 bilder

    – Det starta vel med at eg var engasjert, seier Olav Tiemann Hegg.

    Saman med familien er han denne helga å finne blant dei 800 skyttarane, som er samla i Sogn for å skyte om heider og ære, på Lerum-cup. På fem forskjellige arenaer skal skyttarane kjempe om beste poengsum.

    – Eg har drive med skyting sidan eg var gutunge. Naboen vår var primus motor i skyttarlaget og tok oss ungane med på stemner.

    Biten av skytebasillen

    Seinare har denne interessa også smitta over på kona og skyting har blitt ein livsstil for heile familien, både mamma, pappa og dei tre borna.

    – Første landsskyttarstemnet eg og kona var på, var i 1993. Det gav meirsmak og vi har seinare vore på alle landsskyttarstemna, seier Tiemann Hegg.

    – Og no har de også med tre ungar?

    – Gutane har vore med heilt sidan dei låg i barnevogna, og så fort dei var store nok, hadde dei lyst til å skyte sjølve. Dei blir nok litt påverka av oss og, for vi har jo lyst til at dei skal vere med.

    Tidleg krøkast

    Interessa for skyting har denne gongen ført til at familien har vore nøydde til å dele seg. Fredag er mamma Marit Johanne og storebror John Hermann (17) i Årdal og skyt, medan resten er på Kaupanger. Deriblant yngste skot på stammen, 10 år gamle Sara Sofie.

    – Eg tykkjer det er kjekt å treffe andre som driv med skyting, og at vi kan skyte i lag, seier Sara Sofie.

    – Kva må du tenke på når du skal skyte og treffe blinken?

    – Du må puste rett, og halde fokus.

    Storebror Jens Henrik på 14 nøyer seg ikkje med å skyte berre om sommaren, om vinteren er det skiskyting som gjeld.

    – Det blir mykje trening, men eg får tid til andre ting også, forsikrar han.

    Har berre gått glipp av eitt landsskyttarstemne

    For ein familie som lever og andar for skyting er Landsskyttarstemnet ekstra viktig. Men ein gong prioriterte Olav litt annleis.

    – Det var i 1996, før vi hadde fått ungane. Då reiste kona mi åleine.

    Det året var nemleg landsskyttarstemnet lagt til juli, i staden for i august slik det pleier. Det passa dårleg for bonden frå Lærdal, som då var midt i slåtten.

    – Det var den gongen, eg hadde vel prioritet litt annleis i dag. Då hadde slåttonn fått vere slåttonn, ler den ivrige skyttaren.

    Om knappe to månader er det Landsskyttarstemne i Målselv, og der kjem også skyttarfamilien frå Lærdal til å vere.

    – Det var det ingen diskusjon om. For nokre å sidan så kjøpte vi oss ei lita campingvogn, så vi humpar av garde, seier Tiemann Hegg.

    Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
    Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
    veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser