Hopp til innhold

Måtte overnatte i snøkaven: – Eg tenkte på kona og sonen min heile natta

SOGNEFJELLSHYTTA (NRK): Tor Kristian Eriksen (68) gjekk fram og tilbake på leirplassen for å halda seg i live. I tankane var familien.

Funnen i god behald ved Sognefjellshytta

I GOD BEHALD: Tor Kristian Eriksen (68) kjempa mot tårene, etter at han hadde snakka med kona på telefonen.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ringte kona etter å ha vore sakna etter leiteaksjon

PÅ TELEFONEN: Tor Kristian Eriksen ringde rett til kona, etter at leitemannskapa hadde fått han tilbake til Sognefjellshytta.

Foto: Even Lusæter / NRK

Eriksen skulle gå frå Nørstedalsseter i Sogn og Fjordane til Sognefjellshytta i Oppland. Men då han ikkje kom fram til avtalt tid i går kveld vart det sett i gong ein storstilt leiteaksjon, der over 50 personar deltok. Klokka 14 måndag ettermiddag vart han funnen i god behald, og det første han gjorde var å ringe kona.

– Ho var bekymra for meg. No kjem ho og sonen min og møter meg, seier Eriksen, med gråtkvalt stemme, kort tid etter at leitemannskapa hadde tatt han med tilbake til Sognefjellshytta.

For det vart ei dramatisk natt for han.

Gjekk fram og tilbake

Medan leitemannskapa leita etter 68-åringen, regna og snødde det. Eriksen hadde pakka sekken med varme klede, men regnet gjorde at han vart våt og kald på beina.

– Eg gjekk ikkje mot hytta på natta. Ved 21-tida i går kveld slo eg leir, og der gjekk eg 30 skritt, fram og tilbake, i om lag ein halvtime. Så tok eg sjansen på å sova litt, før eg byrja å gå att. Det var heilt naudsynt for å halda meg i livet, seier han.

Fleire Røde Kors-lag var med i leitinga, men det var særs krevjande på fjellet.

– Det snødde og vi såg berre èin meter framfor oss. Vi måtte bruka GPS for å ta oss fram, seier Kenneth Kalhagen i Hafslo Røde Kors.

Det dårlege vêret gjorde at leitemannskapa måtte kalla tilbake helikopteret som dei ville nytta i søket etter mannen.

Forvirrande

Årsaka til at Eriksen ikkje kom fram til Sognefjellshytta søndag kveld var eit feil stival.

– Det var litt forvirrande merking. Det håpar eg dei ordnar opp i, men eg tar ansvar for det som skjedde. Eg var ikkje nøye nok med kartet og kompasset, seier han.

Leting etter savnet